tirsdag 8. desember 2009

Gløgg og pepperkake

I kveld inviterte vi til gløgg og pepperkake fest med venner og barn. Kjempekoseleg i førjulstida. Ungane leika seg og vi voksne fekk prata litt.
Skåla med pepperkake er kjøpt idag, frå Kremmerhuset. Det er også engelen ved sida av. Elskar englar, dei er so skjønne.
Sviblane mine er begynt å blomstre, ein må-ha juleblomst. Meg og min kjære har brukt kvelden på å pakke inn julegåver. Han reise heim til sitt kjære nord norge på torsdag og skal prøve få med seg so mykje som muleg av julegåvene...resten må vi nok sende.
Her er gåvene eg har pakka inn til søstra mi og hennar familie. Vert mykje grå papir, band i sølv og rødt og små jule filt figurar på julegåvene i år. Må også vise fram juletreet til prinsessa. Ho har det på rommet sitt. Har valgt det ut sjølv og pynta det sjølv, og er veldig stolt :) ....kanskje ein pakke til med kuler hadde gjordt seg.... Første året eg har juletre før lille julafta, og plast og ikkje minst kvitt i tillegg. Men på henna rom var det bere koseleg, og ikkje dryssa det heller so då går det :) Men eit plast juletre kjem nok ikkje opp i mi stove nokonsinne....

Snart på tide og legge seg, må bere lese litt bloggar først :)

God natt til alle :o)

2 kommentarer:

moa sa...

Hørtes ut som en superkoselig kveld!
..du har jo en flink lita prinsesse, som har pyntet sitt vakre lille tre - herlig!

klem

adales verden sa...

Hei
du vant en julegave av meg;)))
Jeg trenger adressa di, så sender jeg den i posten i morgen.
Klem
anniken
danniken@hotmail.com