søndag 29. november 2009

1 søndag i advent

Huset er pynta til advent....(men ikkje heilt ryddigt enno...eg har gjordt det eg har orka, resten tar vi litt etter litt)...
Elskar denne tida, men lys og anna adventspynt...og det å glede seg til jul. Håper at 1 søndag i advent har vore ein bra dag for alle :)Vi har vore å sett på tenning av julegrana, gått i fakkeltog og vore på julemesse. Stor stas for ei lita jente :)
Ynskjer alle ei fin og roleg adventstid :)

onsdag 25. november 2009

Lyslenke og julemusikk-hjelp

Eg hadde ei lyslenke liggande som eg tok og bandt rundt ein høg lysestake. Fekk nesten juletre følelse :)
Syns det vart koseleg. Eg sa til prinsessa mi i går kveld at i år har vi denne som juletre, og legg pakkane rundt her på julafta. Dette var ho ikkje heilt eineg i, og kom med masse spørsmål om julekuler, ordentleg tre osv. Hehe stakkars lita :) Det blir heilt klart eit ordentleg juletre i huset i jula :)
Lyslenker er forresten heilt perfekt å pynte med, heile året egentleg. Men no når det nærmar seg jul syns eg det er ekstra fint. Eg har lagt ei lenke inn i eit skap også, og det vart kjempefint. Den har gummihjerter rundt pæra. Har også sett med stjerner.

Lyslenker kan ein kjøpe mange plassar, eg har kjøpt mine på Plantasjen og Skeidar. Men har sett at nokre har kjøpt hos Europris også. På julebordet i år tenkte eg å pynte med ei lyslenke, legge den midt på bordet.I jula høyrer det med julemusikk. Og det er so mange fine julesangar, som set vertfall meg i skikkele julestemning. MEN! eg klarer ikkje finne den "perfekte" jule cd for barn. Nokon som kan gi meg eit forslag?? Eller er det nokon som har brent ein cd som også vil brenne ein til meg?? Eller som har masse fin barne julemusikk på pcn som vil brenne ein og sende?? Eg betalar sjølsagt, og ei lita overasking vert sendt til den snille julemusikk-julenissen :) (Og ja, eg kunne lasta ned sjøl, men min kjære er litt bekymra for diverse program på pcn so han vil ikkje ha noko nedlastningsprogram på sin pc, og min pc er ikkje istand til å brukast for tida :( )

No ventar eg på min kjære og prinsessa mi, drikk kakao, bloggar og kosar meg med små spark i magen <3

....og ser og tenker på alt eg skulle gjordt, men ikkje har energi til :( Har heldigvis ein snill sambuar og ei hjelpsom lita datter som er opptatt av at vi må rydde til advent so det blir vel ei råd med det i år og :)

Håpe alle har ein fin dag :)

søndag 22. november 2009

Utfordring

....frå Anette. Finn bildemappe nr 4 eller 7 og velg bilde nr 4 eller 7. Fortell også litt om dette bilde. Send utfordringa vidare til 5 andre bloggara.

Dette gjere eg mens eg høyrer på den fine julemusikken Anette har lagt ut i bloggen sin, og får ordentleg julestemning :) Tre nøtter til askepott gir meg gåsehud :)

I mi bildemappe 4, bilde 4 låg det vår bilder tatt av prinsessa mi. So vart verken jul eller interiør her nei.

Ho posera villeg i den deilege vårsola, og er like fin som alltid <3 Denne utfordringa sender eg vidare til: Malin, Anka, Shus, Vibeke og Camilla. :o)

Søndag og vintersport-eg elskar det :) og handballkamp seinare-kan det bli betre?

Ynskje alle ei super ny veke, siste veka før adventstida begynner :)

lørdag 21. november 2009

Nye gardiner, og juleblomst kvaler

Etter kvart som høsten har komt, og det har blitt mørkare ute har eg fått lyst på litt meir farge inne i huset. Kanskje litt omvendt; at eg heller burde få lyst til å ha det lysare inne dess mørkare det blir ute?? Men sånn er det no vertfall :)

I går var det nattope her og salg på KID. Og det vart nye gardiner på meg.

Desse hang oppe før. I begynnelsen av september hengte eg opp kvite gardiner, og desse kjem nok til å komme opp igjen til våren. I går kjøpte eg lilla gardiner, litt lin aktig stoff. Veldig fine, syns eg vertfall :) Syns det gjorde seg med litt farge. Vert nok ikkje ei heilt kvit interiør jul på meg. Lilla i adventsttida og rødt i jula er tradisjon for meg. Men ikkje i like sterk grad som før. Kvitt og sølv vert det meir av. Men ingen problem matche dei fargane med verken lilla eller rødt :) Vurdera faktisk å kjøpe kvit julestjerne og amaryllis i år...har alltid hatt begge raude før.
Her er gardina litt på nært hold. Ka er forresten din julefarge???
Håpe alle har ei koseleg helg. Hos oss er det stille og roleg. Eg gjer det eg orkar, som enno er veldig lite, og min kjære ser sitt favorittlag Arsenal på tv.
Bere ei veke til 1 søndag i advent folkens. Er dåke klar?? :)

tirsdag 17. november 2009

Juledill

Idag orka eg ta fram litt hobbyting!!
Har kjøpt eit eske sett på Panduro eg har tenkt å dekorere på forskjellige måtar. Aldri gjordt dette før so det kan jo bli spennande :)

Her har eg tatt lim på lokket og limt silkepapir på. Men er redd eg har brukt feil lim :( Nåken som har forslag til bra lim å bruke til dette? Eg har brukt Panduro sin allround lim, men den viser igjennom silkepapiret.
Rundt boksen skal eg ha litt breie blonder. Men skal eg ha silkepapir der og?? Var ikkje tenkt til det, men kanskje det blir finast..?? På lokket har eg blandt anna tenkt å ha litt julenissar. Syns desse under var so søte, litt gammeldagse.
Er og på leit etter ein fin juletekst å lime på lokket.
Kanskje det vert julepresangar utav desse eskene...ei (forhåpentlegvis) fin eske med masse julegodter og litt anna stæsj oppi :) Nam!
Vi får sjå ka eg får utav det... :)
Eg elskar mandariner!! Har sikkert ete meir mandariner hittil i november enn eg har gjordt heile jula gjennom før om åra :) Dei er bere so gode!! :o)
Håpe alle har det bra :) Her er sola i ferd med å gå ned, har vore ein flott haustdag :)

søndag 15. november 2009

Smil :) .....på kommando

I dag vart det tatt julebilder i heimen :) ikkje like lett smile på kommando alltid :) prinsessa prøvde so godt ho kunne :)
tok masse bilder, her er eit lite knippe av dei.


Julekort er vertfall bestilt :) og eg trur eg vart fornøgd :)

fredag 13. november 2009

O jul med din glede

Det florere med advent og juleinnlegg i bloggverda, og eg gledar meg meir og meir til jula i år. masse fine idear, bilder frå ifjor og inspirasjon og hente rundt om. håper bere energien min snart kjem igjen slik at forberedelsane kan bli satt ut i live.

eg har lite å vise fram enno, og julebilda frå i fjor ligg på min eigen pc som ikkje er brukande for augeblikket :(

men desse bilda fann eg...

meg og min kjære har site på golvet og opna pakkane våre, ete snop og drukke julebrus :) her sit eg og ser over det heile :) dette er i leilegheita vi budde i før, litt rotete her, men julepynta :) litt julepynt....og levande lys er koseleg juletreet 2008...blir aldri som eg vil..men koseleg vert det alltid likevel eg er vertfall godt igang med julegåvene, og adventspakkane til prinsessa er ferdig kjøpt men ikkje innpakka. held på å tenke meg ihel på adventspakkane til min kjære. vi har adventskalendar ilag, og gir pakke til kvarandre annakvar dag-kjempekoseleg <3>

i år skal prinsessa vere hos oss i jula, gleda meg kjempemasse til det. og neste år har vi ein baby på 7 mnd hos oss i jula, det vert rart, men gud kor vi gleda oss <3

no brukar eg tida på å tenke og planlegge, er jo viktig det og. les blader, bloggar og julekatalogar som kjem i postkassa. og når forma kjem tilbake skal det nok bli advent og jul i vår heim og :)

gledar meg :)

snart helg-håpe alle har det bra :)