mandag 29. september 2008

Ikkje alle daga er gode daga...

Eg er sjuk :o( Kvalm og ein ekkel smak i munnen! Alt eg ete får ein rar smak, so ha derfor ikkje ete noko særleg siste døgnet, til tross for at min kjære har prøvd få i meg mat so godt han kan: og takk for det elsklingen!! Ikkje klarte eg gå på jobb i dag heller. Håpe eg kjem meg fort, for å vere kvalm er det verste eg veit.


Ellers lite nytt. Helga som eg hadde gleda meg til har gått vekk i søvn. Hadde heilt sikkert behov for det, men det får no vere måte på!! Sov til 15 på lørdag og til 1630 på søndag, og ikkje la vi oss seint heller. J meine vi hadde bere godt av det, og at det va fint å kvile ilag, det er jo sant, men ikkje ofte vi ha frihelg ilag so irriterande at vi ikkje ha gjordt mykje anna enn å sove. Jaja, får ta det att.


Henta prinsessa mi i barnehagen i dag, ho ha vore ei veke hos faren. Alltid godt å sjå ho att! Akkurat no sit ho å ete potetmos (motetmos kalle ho det :o) ) og ketchup til den store gullmedaljen, ho lika det so godt som ho seie :) Håpe eg vert fort frisk so eg orke finne på nåke kjekt ilag med ho.


J er på kurs på køyreskulen. Vert kjekt når han får lappen, men vi klare oss bra med att bere eg har den og-foreløbig. Idag har vi faktisk kjøpt oss bil!!! :o) Scoda Octavia. Fin bil. Glede oss til å hente den. So får min stakkars snille bror ha sin bil i fred.


Til neste gang: take care!!

onsdag 24. september 2008

Ein herleg måte å bli vekt på...


Med ti rosa roser kom min kjære å vekte meg idag. Eg låg og sov etter nattevakt og han kom nett heim frå jobb. For ein fantastisk mann eg har!

Nattevakt igjen, men det er roleg her so då går det greitt. Natta vert lang, eg er ikkje laga for å jobbe om natta. Lika meg best heime i senga då. Ikkje er det bra for kroppen heller å jobbe nattevakter; fare for å bli utbrendt, auka fare for abortar og faktisk er det påvist auka risiko for brystkreft hos kvinner som jobbar nattevakter. Men det er eindel av yrket eg har valgt so då lyt eg takle det-foreløbig.

Imåra er det siste heimekampen til J, kanskje eg skal av å sjå den. Alltid kjekt å sjå på kor flink han er. Eller kanskje eg skal på kortkveld hos ei venninne. Eller kanskje ta med dattera mi på kino å sjå Laban. Eller kanskje eg skal, sidan eg skylder so mange vakter til kollegaer, spør ei om eg skal ta natta henna natt til torsdag. Mange alternativ, ikkje ofte det skjer. Vi får ta det etterkvart.

Ford Focusen vi ha lagt inn bud på vart for dyr for oss. Men det kjem fleire sjangsar, ingen grunn til å fortvile. Men hadde vore kjekt med ein bil til hausten, når stormen og uværet set inn. Synest det er koseleg med uvær på eit vis, men på veg til jobb og barnehage er det godt å komme fram tørr og varm. Det ordnar seg!

Godnatt

-i en evighet

Jeg legger meg
i min kjæres
armer
- kjenner tryggheten
når han
holder meg
og tenker
mine tanker
- om tillit

slik skal vi leve
- i en evighet

Jeg ser inn
i min elskedes
øyne
- ser varmen
når han virker
tilsynelatende
kald
og tenker
mine tanker
om glede

slik skal gleden vare

- i en evighet

jeg hviler mitt hode
mot hans
bryst
- kjenner hjertets lykksalige slag
når han
ånder inn
livets gleder
og tenker
mine tanker
- om kjærlighet

slik skal vi elske
- i en evighet

tirsdag 23. september 2008

Min første blogg!!


Eg er på nattevakt, og sidan det er roleg her i natt har eg forsøkt meg på litt blogging. Eit fenomen som er veldig in i desse dagar, so koffor ska ikkje eg prøve det?? Vert ikkje lange innlegget no, men kjem sterkare tilbake! :o) Gledar meg mest til å komme heim å få sove, og til min gode, snille kjæreste er ferdig på jobb slik at vi kan nyte ein ettermiddag ilag etter gammalt. Har blitt mykje jobbing i det siste, so vi har ikkje fått tida til mykje kjæresteri. Men til helga har vi fri so då skal vi pleie kjærleiken!!

Vert kjempeglad for innlegg frå mine eventuelle lesara!! Som sagt er dette min første blogg so det kan nok ta litt tid før den vert slik eg vil den ska vere...ikkje at eg heilt veit korleis det er :o)

Vi snakkast!!! Adios :o)