onsdag 24. september 2008

Ein herleg måte å bli vekt på...


Med ti rosa roser kom min kjære å vekte meg idag. Eg låg og sov etter nattevakt og han kom nett heim frå jobb. For ein fantastisk mann eg har!

Nattevakt igjen, men det er roleg her so då går det greitt. Natta vert lang, eg er ikkje laga for å jobbe om natta. Lika meg best heime i senga då. Ikkje er det bra for kroppen heller å jobbe nattevakter; fare for å bli utbrendt, auka fare for abortar og faktisk er det påvist auka risiko for brystkreft hos kvinner som jobbar nattevakter. Men det er eindel av yrket eg har valgt so då lyt eg takle det-foreløbig.

Imåra er det siste heimekampen til J, kanskje eg skal av å sjå den. Alltid kjekt å sjå på kor flink han er. Eller kanskje eg skal på kortkveld hos ei venninne. Eller kanskje ta med dattera mi på kino å sjå Laban. Eller kanskje eg skal, sidan eg skylder so mange vakter til kollegaer, spør ei om eg skal ta natta henna natt til torsdag. Mange alternativ, ikkje ofte det skjer. Vi får ta det etterkvart.

Ford Focusen vi ha lagt inn bud på vart for dyr for oss. Men det kjem fleire sjangsar, ingen grunn til å fortvile. Men hadde vore kjekt med ein bil til hausten, når stormen og uværet set inn. Synest det er koseleg med uvær på eit vis, men på veg til jobb og barnehage er det godt å komme fram tørr og varm. Det ordnar seg!

Godnatt

5 kommentarer:

M sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...

Fin blogg du har laga. Kjem nok ofte å komme innom:) Kan du tipse O om korleis han skal vekke meg om morg? Hadde du villa kunne tatt den oppgava??RIGH

Marny sa...

Tusen takk :o) hadde eg vilja konna gjere da??? Hmmm....den må eg tenke litt på :o) e jo ikkje eg som e rett til den egentle, det burde jo J gjere, eg ha ikkje hatt nåken som helst innflytelse på den rose-vekkinga :o)

Anne Hilde sa...

snille han e då:)
og stili bloggsie,ska nok lese ofte her å sjå om da e nåke nytt....hels J og ein klem te Anine gleda meg te å sjå dåke i neste veke:)

Marny sa...

takk, han e snill :) håpe ikkje legen nekta meg å reise vertfall, spørs ka d e m auge mitt :o/ glede oss t å reise t bodø og!!!