mandag 31. januar 2011

Ein liten sniktitt...

på kontoret/hobbyrommet.


Vi held på å innrede det, men manglar ein del møblar som gjer at det kan bli praktisk og ryddig.
Skal få vist meir etterkvart.
Vi er vertfall kjempefornøgde, blir so fint atte☺

Er fortsatt interesert i praktiske og fine oppbevaringsmåtar for papir som eg etterlyste i forrige innlegg....☺

Idag har prinsessa vore heime frå skulen med halsvondt, hovudverk og slappheit.
No er ho hos pappaen sin for resten av veka.
Ikkje kjekt med sjuke ungar :( 
...og ikkje so lett å ikkje ha dei hos seg når dei er sjuke heller...

Håpe alle har hatt ein fin start på veka☺

Klem

lørdag 29. januar 2011

Oppbevaring av viktige papir

Eg lurer på om det er nåken  som vil vise fram ka de oppbevarar t.d regningar, kvitteringar og andre viktige papir i slik at det vert ryddigt??


Vi skal til å rydde i alt kontor rotet vårt og eg vil gjere det både fint og praktisk.
Det er vel muleg vel?!?
Lagar du eit innlegg om dette i din blogg er det supert!☺
Men forklar gjerne i kommentar til meg og☺

Ps..TUSEN TAKK for alle fine kommentara om avis reportasjen min☺
Det set eg pris på-var jo ei veldig ny erfaring for meg, som både var skummel og spennande på samme tid☺

Ha ein fin lørdag,
du som kikar innom meg idag☺

Klem

torsdag 27. januar 2011

KalasMystiskeHjørne i lokalavisa...☺

Forrige onsdag hadde eg besøk av ein journalist frå lokalavisa vår-skummelt og spennande☺
Han hadde lest bloggen min via felles kjende på FB og ville lage ein reportasje til avisas Hus og heim del.
Idag er reportasjen i avisa....
Kjenner meg nesten litt flau....☺
...har tatt bilde som er lesbare om du vil lese reportajen☺










Ei erfaring rikare☺

Klem

onsdag 26. januar 2011

Bordlampe

Årstid bordlampefrå Ikea.
Tusen takk for at du kjøpte to slike for meg Linda


Idag skal eg og Elias kose oss med litt shopping☺
Han er veldig glad i å shoppe-og mamman seier ikkje nei når han spør so fint.....☺☺

Ein fin dag 
frå meg til deg

Klem

tirsdag 25. januar 2011

Mi vesle danseprinsesse♥

Må bere vise bilder av prinsesse Anine♥
Dansegruppene der ho dansar hadde forestilling i går kveld,
og det var kjempekjekt å sjå på dei☺
Kvar gruppe hadde ca 3-5 min på scena, 
gutta og jenter,
frå 5 til 16 år.

(Beklager uklåre bilder,
eg får ikkje til å ta gode bilder av bevegelse...
tips anyone????)



Her takkar dei for seg etter 1,5 time forrykande danseshow☺


Heile gjengen☺


Kontoret/hobbyrommet har fått veggar, gulv og lister rundt vindu, dør og gulv☺
No skal vi male paneltak og vinduskarmar.
Og so skulle vi vore ein tur til Ikea og kjøpt litt oppbevaringshyller og stæsj...☺
Gleda meg til å ta det i bruk!

Her har regnet tatt seg ein pause og det er kaldt vintervær idag.
Frå gammalt av heiter det at det været som er idag seier noko om sommarværet-og det lovar bra☺

Nyt dagen alle sammen☺

Klem

lørdag 22. januar 2011

Ein bukett tulipanar ynskjer deg god helg♥

I anledning eit spennande besøk på onsdag kjøpte eg ein bukett med kvite tulipanar...☺
Syns dei kvite tulipanane er finast!
Sette dei oppi eit norgesglass som eg igjen sette oppi eit av romma i kassen på spisebordet.


Nokre av tulipanane sette eg i småvasar som eg plasserte litt her og der,
som f.eks på hylla over sofaen....


....og på bordet mellom sofaane.


Dagens tips frå meg☺

Håpe alle får ein strålande lørdag

Klem

torsdag 20. januar 2011

Oppussing☺

Vi har besøk av min kjære sine foreldre frå nord,
og min kommande svigerfar er ein handyman som få☺
Kontoret/hobbyrommet er under hammaren,
og me like ALOT!!
...dette er also før bilder om du skulle lure☺



No er det legging av små barn,
og handballkamp på planen☺
HEIA NORGE

Klem

mandag 17. januar 2011

Anette vil sjå sofaen vår☺

Ho utfordrar oss,
er du med?
Her er mitt bidrag
Ikkje drømmesofaen-men den duger☺


Hihi..ser du handa til Elias?

Glede meg til å sjå DIN sofa☺

Klem

søndag 16. januar 2011

Må først få takke for alle gratulasjonane i innlegget under her, 
dåke er supre

Og so håpa eg på litt hjelp frå dåke,
fordi dåke er so flinke☺

Eg har eit lite prosjekt på gang som inneheld tekstil, tekstilfarge og vintageord.


Men er veldig usikker på ka slags vintage ord eg skal bruke,
kanskje du har tips til gode ord til meg?

Min kjære har fått spysjuka :S
Og eg bere går å venta på at resten av familien skal bli sjuke og....
Bad timing for min kjære sin del som har besøk av ein kompis frå heimplassen sin, Bodø, og som no har fått spysjuka FOR FØRSTE gang i sitt liv!
..."heldigvis" har kompisen ein til kompis her i byen so han er der no...
Bli snart frisk kjære♥

Elias søv og eg og Anine kosa oss med frukost, te og kakao☺
Håpe alle får ein fiiiin søndag☺

Klem

fredag 14. januar 2011

Eg lurte på om du ville gifte deg med meg????....

spurde min kjære kjære kjæreste på julafta
"Ja, sjølsagt" svarte eg
....etter først å ha spurt: "seriøst?" hehe☺
Vart jo litt sjokkert då....☺
Og der, på gulvet framfor juletreet, etter å ha opna alle julegåvene, vart vi eit forlova par
Og eg med den finaste diamantring på fingen
(som var altfor stor for mine tynne tynne fingra, fekk ringen endeleg igjen i går etter at den har vore å blitt tilpassa min ringstørrelse.)


Liten søt diamant, heilt nydeleg


Eg er lykkeleg og forelska


Vi planlegger bryllup sommaren 2012
Eg er so smått begynt å planlegge.....☺
Ser på kjolar, kaker, frisyrer, dekorasjonar...
Mykje å planlegge, godt vi har god tid☺
Gleda oss

Endeleg helg-igjen☺
Prinsessa er her,
og vi får besøk av ein kompis av min forlovede(☺) frå heimplassen hans☺

God helg til deg som tittar innom meg her

Klem

tirsdag 11. januar 2011

Dører-før/etter☺

I mange på før/etter bilde-som eg var sikker på at eg hadde på pcn ein plass-må eg vise dette gaaaaamle bildet her som eg har både klipt og redigert i Phothoscape...
Lære mens ein leve

Det er døra du skal sjå på her
Eg har-endeleg-sett i gang med å male dører-tar litt tid sia høgre handa mi ikkje heilt fungera lenger, og hovudet blir fort litt susat!!....
Men eg er begynt, og det er herleg
Dette er also døra inn til der som skal bli kontor/hobbyrom/bibliotek etterkvart.
Gammal og "brun"!


Men etter nokre strøk med maling ser den slik ut☺
Fortsatt like gammal, men langt frå brun☺
Me like!!
Passa bere so mykje bedre inn med resten!
Det er no eg irritera meg over å ikkje ha gjordt dette før....
(eh...ja...eg har ikkje tatt vekk julepynten enno-på torsdag 20 dag jul skal det skje☺)
(og ja, klokka heng høøøøgt oppe-men det var der det var ein ledig spikar då eg måtte fjerne den frå pipa då ovnen kom på plass og har ikkje funne den rette plassen til den enno...☺)


Og nye dørhandtak gjorde seg og!


Nesten ferdig med døra inn til prinsessa sitt rom, 
bere 5 stk dører igjen å male
Men det er fort gjordt når ein begynner

No skal eg sette igang å kutte grønsaker-prinsessa har bestilt grønsakssuppe idag☺

Ha ein fin dag!

Klem

søndag 9. januar 2011

Tusen takk for mange fine kommentara om rommet til prinsessa i huset
Mange fine bidrag i konkurransen.
Du finn alle her.

Idag skal vi på middag hos ein vennefamilie,
på menyen står raspeballar,
-ein av våre favorittmiddagar!
Gleda oss


Håpe alle har ein fin søndag
og får ei fin veke
Her held vi på å blåse vekk.....

Klem

fredag 7. januar 2011

Nib utfordring-barnerom

Prinsessa sitt rom
Rosa og fint
Lar bilda tale for seg

 








 

Lykke til til alle som er med i Nib utfordringa!
Gleda meg til å sjå mange fine barnerom

Klem