søndag 31. oktober 2010

Vinnarane av min give away......

Fortsatt ingen bilder :(

Var litt av ein jobb å skrive opp alle som ville vere med, nokre med 2 lodd....og deretter klippe dei opp å legge i ei skål.... 
Men kjempeglad for alle som var med,  tusen takk for at dåke ville feire med meg☺
Min kjære har hjelpt meg med trekninga☺

Vinnarane vart
tam tara tam

Hovudpremien går til

-veldig kjekt at det vart deg, sia vi har hatt litt kontakt på både blogg og FB chat☺

Trøstepremien gjekk til 

Synnøve driv blomster butikk ytterst i Lofoten☺

Og jammen trakk vi ikkje ein trøstepremie til blandt alle dei snille som har meldt seg på

ein fin dansk blogg☺

Gratulere til dåke alle☺

Send meg adresse på mail
marny.alice@hotmail.com

Kjekt med give away
kanskje det blir ein ny om ikkje so altfor lenge....☺

Vi held på med pakking til Oslo tur
gleda oss☺

Blir lite blogging frå mi side denne veka, men eg kik innom dåke☺
Håpe alle får ei super veke☺

Er du i Oslo/Jessheim so gi meg ein lyd då vel☺

Klem

Give away-oppdattering

Bildelaust innlegg.
Får rett og slett ikkje til å legge ut bilder i dag :( Feil på sida står det berre....

Vil minne om Give awayen min-link med bilde til høgre ☺ 
Klikk på bildet so kjem du dit om du vil vere med...

Er egentleg trekning imåra, men sia vi skal reise vekk og blir vekke heile veka kjem eg til å trekke 2 vinnara ikveld....
So siste sjangs å melde seg på folkens!!

Klem

lørdag 30. oktober 2010

Skatoll før/etter

Dette skatollet fann eg på facebook si kjøpe selge gi bort gruppe her eg bur.
Var so heldig at det var under "gi bort" kategorien☺☺
Leeeeeeeeeeenge har det stått umalt, men for eit par veker sia fekk eg ånda over meg og tok fram malekost og kvitfarge☺
TTT her i huset


Og slik ser det ut no
Syns sjøl det vart kjempefint!!
Prinsessa har fått den som leksepult☺
Ho er hos pappaen no so ho har ikkje sett det ferdige resultatet☺



Stolen som står her er den eg kjøpte på bruktbutikken for nokre veker sidan.
Den skal vi male rosa og finne eit fint stoff å trekke om setet. 

Glassknottar frå Ebay.
Desse valgte prinsessa ut sjøl-akkurat som eg skulle gjordt det sjøl hehe☺


På skuffene har eg limt tapet frå Pip.
Denne tapeten er ein av dei eg fekk i posten frå Inreda-som eg skriv om i dette innlegget.
Vart det ikkje fint vel??☺
Eg er kjempefornøgd! 


Og eit glass fekk resten av tapeten rundt seg-matching er viktig ska vite☺


Her er lampa eg kjøpte på loppemarked for 20 kr forrige helg-passe heilt perfekt inn her!
Akkurat samme farge som tapeten☺
Ment to be
I ramma ser du skulebilde av skjønne prinsessa mi


 Til bursdagen fekk ho Top model bok (superpopulært blandt jenter på hennar alder! Julegåvetips?) og glansbilde bok-har lagt desse klar til ho kjem att til oss☺
Håper ho vil trivast i kroken sin


Eg lurer på å ha voksduk på skrivebordsplata, men kanskje det blir litt mykje med tapet og voksduk... 
Men tenker at det er praktisk mtp tegning, maling osv...
Ka du trur??


Må i samme slengen vise den supersøte GreenGate vekkerklokka ho fekk frå broren sin til bursdagen-sjølsagt innkjøpt av mammaen sjøl...☺
Den har søstra mi kjøpt hos Fru Dahl på Fauske og fått sendt ned hit. 


Frå og med idag har min lille familie 9 heile fridagar ilag♥
Min kjære har den 5 ferieveka neste veke. 
Vi tek prinsessa ut av skulen og tar turen til familie i Oslo-gleda oss masse til det☺
Slappe av, kose oss, vere ilag, shoppe, ete god mat, besøke venna....☺
Og med heim igjen blir eit Finn kjøp som mi snille svigerinne har henta til meg i Asker☺☺

Tusen takk for alle kommentarane til "hei" innlegget mitt-koselege dåke er♥

Har du helgeplanar?
Håpe uansett at du får ei superduper helg

Klem
PS: eg er glad det var eg som stod opp med Elias idag for i natt skal jo klokka skruast ein time tilbake....☺ Hihi....min kjære☺

fredag 29. oktober 2010

Kalas Mystiske Hjørne hos Boligpluss














No kan du stemme på bloggen min hos BOLIGPLUSS sin BOLIGBLOGG ☺
Her finn du oversikt over mange flotte interiørblogga og du kan kvar dag stemme på din favoritt!
Vil du stemme på meg trykk her ! 
Då blir eg veldig glad☺



Klem

torsdag 28. oktober 2010

Nib utfordring-Marny seier hei☺


Nib har ei utfordring til oss-tørr du seie hei til bloggverden??☺


Eg er MarnyAlice! Jente☺ på 30 år. Bloggar om interiør og kvardagsliv. Oppretta bloggen i september 2008. Ikkje for å blogge om interiør, men berre for å teste ut ka det ville sei å blogge☺ Kort tid etter at eg begynte med blogging fekk eg MS og blogging vart ein måte å få ut ting på!! Etterkvart oppdaga eg andre interiørblogga og følte at det var der eg høyrte heime☺ 
Her har eg vert sidan, og her håpar eg å vere lenge☺




Inspirasjon -> Gjennom bloggverden har eg lært meg å bli inspirert frå ulike ting eg aldri før kunne tenkt meg til var inspirerande. F.eks gamle ting, minner, bruktbutikkar, interiørmagasin, naturen. Har lært meg å bruke dette på ein ny spennande måte og drar det inn i interiøret mitt. Også ved å besøke andre bloggar vert eg inspirert. Og sjølsagt ved å surfe på nettet☺


Min favoritt -> Litt vanskeleg spørsmål....men trur eg må velge å svare trestigen min. Det er ein gammal trestige som min bestefar har hatt. Brukar den no til å henge pledd på. Og nettopp pga av at det er eit minne etter bestefar vert det min favoritt ting.


Drømmehjem -> Eit sveitserhus som ligg landlig til med hage og som har fine detalja både inni og utanpå. Må også vere funksjonibelt med smarte løysingar til rominndeling og oppbevaring. Det skal vere tilpassa oss som bur der. Samtidig må det innby til kos, hygge og harmoni♥ Lyst og triveleg. Helst masse fine brukte møblar med sjel som er oppussa. 


Uønsket -> ein svart stress less.....☺


Drømmedag -> akkurat no: meg og min kjære på tur til København med masse kos, romantikk og besøk i nydelege interiørbutikkar.


Det brenner -> MARERITT nr 1!! PCn som inneheld alle bilda av familien og innramma bilder av prinsessa som baby ville eg redda ut då. 


Godfølelsen -> Mine skjønne barn gir meg den beste følelsen ein kan ha♥ Og viss det i tilleg er fredag og helg med min kjære heime ilag med oss er det toppen av lykke♥


Dette er also meg, tørr du vise deg??

tirsdag 26. oktober 2010

Tapettips!


Hos Inreda kan ein bestille tapetprøver til 49 SEK☺
Får 6 stk
(eg fekk berre 5 for ein var utsolgt)
Er ikkje so store prøvane, men kan jo brukast til forskjellige småting☺



...viss du bestiller og syns det tar lang tid før du får tapeten-dont worry, dei har berre mykje å gjere på å det tar litt tid☺
(snakka av erfaring☺)

Eg er litt tiltakslaus for tida, har forskjellige ting eg kunne begynt på...men kjem ikkje heilt igang..derfor blir det lite blogging og :( 
Men eg er her
☺ 

Her er det grå kald vinter :(
....det hjelpe ikkje akkurat på tiltakslysta....

Min skjønne sønn is calling etter sin formiddagslur☺

Ha ein nydeleg tirsdag min venn

Klem

lørdag 23. oktober 2010

Loppis

Sola skin frå blå himmel.
Eg og prinsessa har vore på loppemarked.
Var ikke so mange loppene der, men litt fekk vi med oss heimatte☺

Ei ramme til 5 kr.
Blir nok fin med litt tlc☺


Ein søt korg med dukke, dyne, pute og litt dukkeklær til 50 kr☺


Stokke tripp trapp stol til 100 kr!!
Skal malast i ein fin blå farge☺
Og ei rosa lampe til 20 kr som passa perfekt på prinsessa sin skrivepult☺


Idag er det ein nydeleg vinterdag ute☺
Ja, det er nydeleg med blå himmel, sol og snø sjøl om eg syns vinteren er komt altfor tidleg☺
Prinsessa har funne seg ein liten isflekk utanfor som ho dansar ballet på☺


6 års feiringa fortset☺
Om litt kjem naboungane☺


Etterpå er det avslapping som gjeld-resten av dagen♥

Tusen takk for alle bursdagshelsingar til prinsessa-superkoseleg☺
Ho har hatt to fine feiringar og er klar til den 3!☺

Og til dåke som lurer: Elias hadde gått opp 300 gram på 14 daga so vi er fornøgde☺
Han har nok berre funne sin "plass" på kurva etter å la lagt nesten over den sia fødselen.

Håpe alle har ein fin lørdag

Klem

torsdag 21. oktober 2010

Prinsesse Anine 6 år♥

Ei stolt jente som har bursdag idag
Verdens finaste
snillaste
mest hjelpsomme
og omsorgsfulle
datter 
og
storesøster
Utruleg å tenke på at på denne tid, for 6 år sia låg eg på fødeavd med ei nydeleg lita tulle
Vi er kjempeglade i deg
jenta vår


Ein pakke vert opna før ho for på skulen.
Og ho fekk det ho ønska seg mest av alt:
Nintendo DS,
av meg og pappaen sin.
Gjett om ho vart glad


So var det på med vinterklede og off too school☺
Kan tenke med det vert mange skulebarn som glede seg til å komme ut i friminutta og ake og lage snømann idag☺


Gratulere med dagen Prinsesse Anine
Håpe dagen din vert fin

Det har snøa enno meir her i natt, og det er tett i tett med snøfnugg i lufta no.
Er jo koseleg, men altfor tidleg syns eg. 

Vi skal på vektkontroll med Elias. 
Han som har vore på toppen av vektkurva sidan fødselen hadde plutseleg gått ned i vekt på 5 mnds kontrollen...håpe han ikkje har gått meir ned... Er ganske spent!

Køyr forsiktig viss du skal ut i trafikken idag!

Klem

onsdag 20. oktober 2010

Det snør det snør....

....
tidelibom
det er det det gjør
tidelibom
nå snør det mye mer enn før 
tidelibom
å
huttemeitu

Jepp, første snøfallet er eit faktum!
Og eg må sei: eg lika det ikkje!
Jovisst er det fint med snø og sol,
men vinteren er so laaaaaang
og den vert lengre og lengre for kvart år syns eg.
Prinsessa er kjempefornøgd, ho er ute å akar☺


Mammaen har kjøpt ullkle på Cubus idag-det er det 30% på alle kle!


Igår plukka prinsessa med seg lønneblad heim, det eine har ho har sett i ramme.
Eit kjempestort lønneblad ligg på bordet og ventar på at ho skal bestemme seg for ka ho vil gjere med det☺


Igår fekk meg og prinsessa kjøpt masse bursdagsstæsj☺
I år er det Tingeling det går i; tallerkar, beger og serviettar!
Imåra skal vi berre vere oss og feire, på fredag kjem omgangskretsen vår, på lørdag er det ungane i nabolaget, ein dag neste veke er det klassejentene på Dolly Dimples og søndag neste veke er det feiring hos pappaen-ho er veldig fornøgd med å feire bursdagen maaaaange ganga, hehe☺

No må eg vekke Elias, slik at eg får han i seng igjen ikveld☺

Klem 

Utfordring

Eg har fått ei utfordring frå Sagas Interiør
Skal svare på 10 spørsmål og sende den vidare til 6 stk.




1. What is your favorite word? Må velge to...Prins og Prinsesse♥


2. What is your least favorite word? Gidder ikkje....


3. What turns you on creatively, spiritually or emotionally? godt humør, tanken på det ferdige produktet, bloggverden og positiv respons frå vennar og familie!

4. What turns you off? Motgang


5. What is your favorite curse word? Hm....kanskje HERREGUD! Favoritt ord er det vel ikkje, men er vel det som er mest i bruk...☺


6. What sound or noise do you love?  Akkurat no er det pludring frå min nydelege sønn♥


7. What sound or noise do you hate? Sutring!


8. What profession other than your own would you like to attempt? har ein drøm om å starte min eigen interiørbutikk☺


9. What profession would you not like to do? Banka på dørene til folk som ikkje har betalt NRK lisensen...(jepp, vår dør har nettopp blitt banka på :S)


10. If Heaven exists, what would you like to hear God say when you arrive at the Pearly Gates? Velkommen til festen...☺


Eg vil sende denne vidare til:


Alle desse er fine bloggar frå vakre Sogn og Fjordane♥ 
Frivilleg å ta den☺

 

Avsluttar med eit haustbilde frå inngangspartiet.

Eg har ikkje so veldig mykje å blogge om for tida :(
Forkjølelsen er nesten vekke, skatollet er nesten ferdigmalt-venta på knottar frå Ebay, og bursdagsselskap er under planlegging☺
I`ll be back☺

Klem




mandag 18. oktober 2010

Prinsessebursdag

Prinsessa blir 6 år på torsdag(!)

Eg held på å planlegge selskap
og kaker er det vanskelegaste syns eg...

Tenkte eg skulle prøve denne rosa skumkaka som AnnaJohanna har lagt ut oppskrift på. 
Den ser veeeeldig god og prinsesseaktig ut☺


Og cupcakes-det er lekkert det!!

 

Tips til andre gode prinsessekaker tas imot med takk☺
Eg er frykteleg dårleg på å lage kake so det må vere enkelt.....☺

Når prinsessa kjem frå skulen skal vi ut å kjøpe litt stæsj,
invitasjonskort, muffinsformer, pynt osv☺
Forkjølelsen min er her fortsatt :(
Vart ikkje bryllup på meg på lørdag :(:(:(:(
Og maling av skatollet går treigt, tar litt og litt om dagen..men det nerma seg at eg kan vise det☺
Har funne fleire typar knottar som prinsessa kan velge mellom☺
Og so må vi på tapetjakt....☺
Håpe alle har hatt ein fin start på veka☺


-minner om give awayen-og hugs å meld deg på i det rette innlegget!
ser mange har meldt seg på i innlegget der eg viste premien-men det blir litt tungvint å holde styr på ken som vil vere med viss eg må gå frå det eine innlegget til det andre...
meld deg på HER!-

Klem

fredag 15. oktober 2010

Helg og give away premie

Her er hovudpremien i give awayen min☺
Håpe den fell i smak☺
Eg er vertfall veldig fornøgd med min slik lysestake☺


Og ja; eg skreiv hovudpremie...☺
Tenkte eg skulle trekke ein ekstra premie også☺
Har ikkje heilt bestemt meg for ka det skal bli.....☺


ALLE kan delta; venna, fienda(?☺), familie, kollegaer, bloggara, ikkje bloggara, unge som gamle☺
Einaste du treng å gjere er å legge igjen ein kommentar i give away -klikk på give away- innlegget,
og evt nokre av dei andre kriteria viss du vil ha fleire lodd☺
Du kan bestemme sjøl om du vil bruke dette bildet eller bildet i give away innlegget viss du vil linke☺

Forkjølelsen min vil ikkje heilt sleppe taket, er bedre men slapp og snufsete fortsatt. 
Det spøke for bryllupet eg egentleg skal i imåra :( :( :( 

Håpe alle får ei fin helg
Her skin sola og eg håpar på å få gjordt ein del vinterklargjering av uteområdet-viss forma mi syns det er greitt då....

Klem

torsdag 14. oktober 2010

For litt sia vann eg ein give away hos Lottemora ☺
Pakken kom i posten i går,
kjempekoseleg
 
Masse fine ting!
Tusen takk Lottemora





Her ser dåke ka eg held på med for tida...sakte men sikkert...
Forkjølelsen vil ikkje heilt sleppe taket so ting tar tid akkurat no...både maling og husarbeid.


No skal eg og ein kopp te sette oss i kosekroken og lese Vakre Hjem og Interiør som kom i posten idag


Nyyyyt kvelden du kjære lesar

Klem
du kan fortsatt ta lodd i min give away....link til høgre