torsdag 4. mars 2010

Hyller vart det ikkje, men.....

I går las eg om Elisabeth  som hadde kjøpt seg nokre kjempefine hyller til badet. Eg heiv meg(nesten) i bilen, i joggedress og ein smule forkjøla, og køyrde til Skeidar. Tråla butikken fleire gangar, men ingen hyller å finne :( Men denne oppslagstavla vart med heim. Likte den supergodt. Tenkte eg skulle ha den på hobbyrommet/kontoret/biblioteket når det ein gang vert ferdig, men so lenge klarte eg ikkje vente med å henge den opp☺
No heng den over sofaen, og er pynta med diverse småting.
Likte so godt det ♥ som er på den midterste "skuffa".
Likte alt med denne tavla; den duse trefargen, sink "skuffene", hønsenettingen, dei små klypene. Heilt perfekt til å henge opp småting, og skifte det innimellom☺

Idag viser været seg frå si beste side;sol og blå himmel♥  Men eg slit fortsatt med denne ¤pip¤ fokjølelsen og held meg innandørs. Twilight boka er då god å ha☺☺ Tenk å få sånn dilla på vampyra, hihi☺

No kjem snart min kjære heim frå jobb, etterpå skal vi av å kjøpe meir maling til dei to romma vi ha mala panelen i-siste strøket med glansmaling. Blir so bra atte☺
Håpe alle har ein fin dag☺☺☺


5 kommentarer:

Lille persille sa...

Kjempefin oppslagstavle du har funnet! Den hadde passet bra i gangen i familiens sommerhus!

God bedring av forkjølelsen og takk for koselig kommentar♥

Hilde S. sa...

Hei hei.
Kjempetøff oppslagstavle du fekk kjøpe deg.
Det er kjedeleg når ein ikkje finn det ein leitar etter, eller det ikkje er i alle butikkane, men, men. Twilight leser eg også, og synes dei er kjekke.
Ha ein fin dag.
Smil H

Bjørg sa...

Åaaah, den var kjempefine!! :) Savner den tida då eg og kunne hive meg i bilen også vere på Skeidar på 1-2-3. Men sånn er no det;)

God bedring og fortsatt gode kveld:)
Klem

Frk:Twil sa...

Åhh, den var lekker.. Skeidar sa du? Herme jeg?! hmm, ja tror det.. Elsker sink og har kikket på en hønsenetting tavle på en nettbutikk. Men den var ikke på langt nær så fin som denne.. Godt jeg ikke ble overivrig og bestilte med en gang!
Lekker er den! Også så fin pynt du har hengt opp.
Håper den dumme forkjølelsen gir seg fort fort, og at du snart er mye bedre.. Kos deg, klem*

Nina B. sa...

å, den var lekker! Fra Skeidar ja? Hmmmm ;) Herlig fangst!