mandag 1. februar 2010

Knotte maling

Knottane på kommoden til prinsessa har vore, og er fortsatt, eit lita nøtt. Eg har ikkje heilt bestemt meg for korleis dei skal sjå ut, om eg skal kjøpe nye eller ka. Uansett har eg mala dei tre knottane som var på kommoden frå før. Men ingen pensel brukt her nei! Som eg skreiv i innlegget under er det om natta eg er kreativ, og det var faktisk i natt eg kom på denne måten å få knottane malt på☻
Eit papp beger var alt som skulle til. Med skruen til knotten laga eg hol inni begeret, tredde skruen gjennom og skrudde knotten fast. Deretter duppa eg knotten ned i malingsspannet, mens eg holdt handa på skruen inni begeret. Obs at det kjem maling over alt på det du vil male. Lot so det meste av malinga renne av før eg satte begeret på gulvet, det som er "til overs" av maling vil då renne av. Eg lot det stå ekstra mange timar for å vere sikker på at det var tørt sia det blir eit litt tjukt lag med maling på knotten. Skrudde knotten av, drog skruen gjennom begeret og skrudde so knotten fast i kommoden. Enkelt og greitt

Har du eit forslag til korleis eg kan pynte knottane slik at ei lita prinsesse på 5 år som elskar rosa vert blid og glad? Eg har lurt på å kjøpe nye rosa knottar, male desse rosa, lime på noko rosa dekor eller ha eit søtt rosa stoff på dei.

No er det snart natt her i huset. Min kjære har tatt kveld, men eg sit nok våken nokre timar til...viss eg ikkje går lei, legg meg og ligg våken der nokre timar før eg sovnar sånn i 4 tida. Lure på ka slags kreative tanka som kjem til å spinne rundt i natt... ☻
God natt ♥

3 kommentarer:

A K sa...

Genialt da!!

Jeg tror jeg ville stemplet (eller brukt sjablong e.l. noe) med rosa prinsessekrone på og ha på knottene jeg. Storesøster her hadde rosa kroner på rommet sitt en stund (de har forsvunnet litt og litt ettersom hun ble større) og da var et stempel med krone veldig greit å ha ;)

:) Ann K

Vibeke / Mammas Hus sa...

Enig med mammalykkelig. :) Eller se på ebay - mye rimeligere der! ;)

Godt tips forresten! :D

Valkyrien sa...

HEI:-))
Jeg så noen kose knotter på butikken i går:
Små rosa prinsesse-kroner, veldig søte, og ikke så dyre. Tror jeg skal ha en til skolepultprosjektet mitt. Har en som ligger å venter på meg på posthuset, må sjekke den først. Det ble mye.....
Kan sende knotter til deg om ønskelig?