leilegheita vart vaska og rydda so flott til visning på mandag. og dermed vart det og bloggifiserbart :o)
...håpar i det lengste at vi klare holde det ryddigt framover...må sjå på desse bilda kvar gang vi begynner å skli ut med rotet :)
so her kjem eit bilderas frå stove og kjøkken, som er i eitt i denne leilegheita.
dette skapet lurer eg på å male kvitt....

gledar meg sånn til å få kvite veggar og lister!!

skapet til høgre her har eg og lyst å male kvitt, samme med sofabordet. og seier ikkje nei til ein kvit ektorp sofa heller :)


tv kroken er ganske trang, men det fungera fint det :)

skjenken og speilet her hadde jo og vore veldig fint i kvitt, men trur ikkje eg tørr male so dyre møblar...

min kjære meinar her er altfor fullt med ting som eg kjøper og kjøper...er vel egentleg eineg med han...får større plass i nye leilegheita...men klarer eg la vere kjøpe meir??? hmmm... :)

vi har vertfall trivst veldig godt i denne leilegheita, vert rart å flytte herifrå. men deileg å få sitt eige der ein kan styre på med fargar og bestemme alt sjølv :o) gleda oss til det!!!
minner om konkurransen min i innlegget under :) kjempekjekt om du vil delta :)kl 14 idag begynnner eg arbeidshelga mi, skal jobbe kvar dag fram til mandag. litt kjedlig sidan min kjære har langfri, men sånn er det i dette yrket.
til alle som har langhelg: kos dåke masse!!!!
og til alle som skal jobbe i helga: du er ikkje åleine :o)
Klem :O)