mandag 21. desember 2009

Julestemning

Julefreden er begynt å senke seg, sjølv om ikkje alt er 100% klart vert det jul likevel :)
Her i huset er vi begynt å bli småsjuke-kjempekjedleg før jul. Lille prinsessa la seg snufsete ikveld, og min kjære har ilt i hals og hovud. Kryssar fingrane for at det går fort over.


Imåra er det innkjøp av juletre som står for tur. Edelgran eller gran? Har ikkje bestemt meg. Sidan vi har det ganske høgt under taket håpar eg vi finn eit juletre som er både høgt og fint...og at eg har nok julepynt og lys til det... Har vertfall sjekka lysa, og dei virka :)

Nøtter er ein del av jula.
Her har eg fylt opp skåla eg fekk av Adale med forskjellige nøtter.
Apropos nøtter: gledar meg til julafta kl 11: tre nøtter til askepott :) Då er det jul!!Midt blandt nøttene har eg satt ein engel sjokolade eg fekk av min kjære i adventsgåve :) Han har fått med seg at eg elskar englar :)Stemningsbilde frå spisestua. Her er også ein engel frå min kjære, fekk to av desse superskjønne englane i går. Han er sooo snill Englane fekk plass på bordet ilag med ein God Jul stein og ein svibel som er satt i juicekoppen til juicepressa mi :) Ein tar det ein har :) Det har eg lært i blogglandia :)Ser rundt omkring at dei fleste er klare til jul, er masse herlege julebilder å finne i bloggane.
Her gjenstår som sagt innkjøp av juletre, men og å handle julemat og siste ryddinga før stor julepynting lille julafta. Siste julegåvene vart kjøpt idag. Bere avlevering igjen.
Og at julesnøen er komt set prikken over i en :o) Til alle sammen: nyt siste førjulsdagane, det er eitt år til neste gang. Det vert jul uansett.

Trur nok det kjem eit eller to innlegg til frå meg før den store dagen, men bedre sei det ein gang for mykje enn for lite:

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!!!!!

1 kommentar:

moa sa...

hei -
innom for og ønske deg og dine en riktig god julefeiring...og masse god bedring!!!

GOD JUL
moaklem