søndag 31. mai 2009

Sommar, det er det jeg vil ha, sommar, det gjør meg glad!

vi har nokre deilege sommardagar her no. utekos dagen lang.
litt bilder frå uteplassen.... .....med ynskje om ei flott pinsehelg (som snart er over) og ei fin ny veke :o)

lørdag 30. mai 2009

Give away

i går fekk eg pakke i posten, 2 stk faktisk..men viser berre den eine i dette innlegget. denne pakken fekk eg frå nanni, fordi eg var med i henna gi det videre lek. reglane her er som følger: dei tre første som skriv på dette innlegget får, dersom dei vil vere med, ein pakke frå meg innan 365 dagar. dei som mottar pakke frå meg skal sjølv gi vidare til 3 stk innan 365 dagar . morsomt eller?? :o) syns ikkje DU det er kjekt med pakkar?? :o)

tusen takk for den kjempefine pakken Nanni!!! :o) supersnill er du det :o)

PS: husk konkurransen min....trekning 31 mai! :o)

torsdag 28. mai 2009

Tapet hjelp!

i nye leilegheita skal eg ha ein endevegg med tapet i stova. men det er jo eit hav av tapetar å velge mellom!
stova skal vere kvit, har brune møblar..men kjem nok kanskje til å male ein del av dei kvite etterkvart.

likar denne tapeten her veldig godt!! denne har mammas hus i sitt hus og den er kjempefin. denne her er brun med sølv i blomstene. kjennest litt lær aktig ut. denne er svart og rosa. lurer litt på om denne kanskje tar seg betre ut på ein endevegg på soverommet??? denne er kvit med mønster i svart og sølv. denne er svart med kvitt mønster. og når ein tar på den er den glatt enkelte plassar og meir ru andre plassar. denne har supersnille Cathrine sendt meg i posten, ho har denne i huset sitt. egentleg er denne ein klar favoritt.... ...men tar i mot hjelp og råd med STOR takk!!

har litt lyst på ein kontrast vegg....trur eg....blir sprø av all att og fram tenkinga :o/ og sidan det vert mykje kvitt ellers syns eg den siste er fin.....trur eg....

eg ber på mine knær om litt hjelp!!!!!

onsdag 27. mai 2009

KID og bruktbutikken

korg settet til Kid er ikkje lett gå forbi, dette kurvfatet vart med heim her om dagen. likeeins med desse sitteputene. skal ha dei på cafe settet mitt...når det bere sluttar å pøse ned med regn! foreløbig ligg dei til pynt under dette bordet i gangen. (vart visst litt uklåre bilder i dette innlegget). jammen ser det ikkje ut som eg har kjøpt meg ei blomsterpotte i korgserien til Kid og.. :)
pidestallen til venstre har sambuaren til søstra mi laga. ein tryllekunstnar med tre :)
syns desse ver kjempesøte og romantiske...har jo og kjøpt både teppet og væska i samme serien :) bruktbutikken er blitt ein av mine favoritt butikkar.

kjøpte med denne søte hjerte forma ein dag. det var i denne sjokolade kaka til min kjæres bursdag vart laga i. eg elskar jo hjerteformer so kunne ikkje la denne ligge igjen :) dette søte lille settet fann og veien ned i korga mi :) fort gjordt :) idag har eg rydda på hylla UNDER bordet. der har mange blad hopa seg opp. eg er nett ferdig med å klippe ut interiørbilder frå blada og limt dei inn i den nye interiørboka mi :)
her er det øs pøs regnvær idag. stod tidleg opp, kosa litt med prinsessa mi før eg køyrde ho i barnehagen. sjelden eg klarer å stå tidle opp på fridagane mine, men jammen er det litt deileg og :) føler eg har fått gjordt mykje, og dagen er nett begynt :)
Håpe alle har ein fin dag :)
HUSK KONKURRANSEN MIN :o)

tirsdag 26. mai 2009

Happy birthday mon cherie

min elskede kjæreste har bursdag idag <3 sjokoladekake med masse hjerter må til når den finaste eg veit har bursdag.

En fødselsdag er ikke en feiring av året som er gått, men av året som er i ferd med å begynne


GRATULERER MED DAGEN SJÆRSTEN MIN!!!! du er den beste og eg elskar deg høgt!!! <3>

minner om konkurransen min her


mandag 25. mai 2009

Før og etter

kjøpte meg denne hylla på brukten for 40 kr. entrehylle til nye leilegheita, tenkte eg då eg såg denne. på lørdag sprang eg i skytteltrafikk mellom bruning av kjøttdeig og maling av hylla. kvit, sjølsagt :)
fann og krokar på bruktbutikken som eg likte.
skrudde desse på istad, og vart superfornøgd!! litt forskjelling dill på krokane.
egentleg so var eg tenkt vente til vi flytta med å henge denne opp, men klarte ikkje å vente :o/ vart veldig fornøgd med resultatet :o) og måtte pynte den med ein gang :) måtte og byte ut korgene som har hengt på veggen før med nokre som passa betre til hylla. desse vert nok snart spraye kvite.
dilla på spray??? eg???? hmmm....trukje det.... :o/ :) denne lille blå hylla kjøpte eg for 5 kr.
den er og mala kvit og midlertidig hengt opp på ein ledig spikar på veggen. også denne har fått litt pynt på seg, og tok seg godt ut ved sia av den nye hjortehovudet mitt. lurer på om eg skal ha blondebånd rundt kanten???!!!! eg er ganske fornøgd med meg sjølv og dette prosjektet mitt :o) :o)
no er det kveldsmat for Anine prinsessa som kom igjen til meg idag :o)
Håpe alle har ein fin kveld :o)

lørdag 23. mai 2009

Kongekrone og pakke i posten

denne kongekrona kjøpte eg i går i ein butikk her som hadde opphøyrssalg. syns desse kronene er so fine. og idag kom pakken eg vann i huset mitt i byn i posten...JIPPI :o)
vann eit sølvfat som bere er heilt nydeleg!!! tusen takk :O)

er so fint patinert utsjånad på det. passa perfekt med nye kongekrona og nokre sandformer med te lys i. tusen takk igjen :o)
i kveld er det lasagne, chips, dip, brus, snop, dvd og armkrok som står på programmet, gledar meg ;o)
håpe alle har ei fin helg :o)

onsdag 20. mai 2009

Vinnarlykke :)

....nei det var nok ikkje meg som var ein av dei 3 heldige som vann nesten 32 mill kvar på vikinglotto ikveld :(
men eg har vunne to konkurransar hos kjempefine bloggar denne mnd :o) :o)

desse hjarta vann eg i bloggen elses bod. passa jo perfekt for meg som elskar hjerter :) dette kjempesøte sølvfatet vann eg hos huset mitt i byn :o) kjempeglad!!! gledar meg til det dukkar opp i posten :)

so føler eg har hatt bra med vinnarlykke i det siste :) 4 konkurransen eg vinn sia eg begynte blogge :o) hmm...kanskje eg skulle ha tippa på vikinglotto likevel....jaja..for seint no! :o)
minner om konkurransen eg har gåande her :o)
KLEM :O)

Stove og kjøkken

leilegheita vart vaska og rydda so flott til visning på mandag. og dermed vart det og bloggifiserbart :o)
...håpar i det lengste at vi klare holde det ryddigt framover...må sjå på desse bilda kvar gang vi begynner å skli ut med rotet :)

so her kjem eit bilderas frå stove og kjøkken, som er i eitt i denne leilegheita.
dette skapet lurer eg på å male kvitt.... gledar meg sånn til å få kvite veggar og lister!!
skapet til høgre her har eg og lyst å male kvitt, samme med sofabordet. og seier ikkje nei til ein kvit ektorp sofa heller :)

tv kroken er ganske trang, men det fungera fint det :)
skjenken og speilet her hadde jo og vore veldig fint i kvitt, men trur ikkje eg tørr male so dyre møblar...
min kjære meinar her er altfor fullt med ting som eg kjøper og kjøper...er vel egentleg eineg med han...får større plass i nye leilegheita...men klarer eg la vere kjøpe meir??? hmmm... :)

vi har vertfall trivst veldig godt i denne leilegheita, vert rart å flytte herifrå. men deileg å få sitt eige der ein kan styre på med fargar og bestemme alt sjølv :o) gleda oss til det!!!

minner om konkurransen min i innlegget under :) kjempekjekt om du vil delta :)

kl 14 idag begynnner eg arbeidshelga mi, skal jobbe kvar dag fram til mandag. litt kjedlig sidan min kjære har langfri, men sånn er det i dette yrket.
til alle som har langhelg: kos dåke masse!!!!
og til alle som skal jobbe i helga: du er ikkje åleine :o)

Klem :O)

tirsdag 19. mai 2009

Konkurranse!!

eg har omsider passert 5000 besøkande :) og det feirar eg med ein liten konkurranse :)
dette kan du vinne:

her er ei blanding av nye ting, og ting kjøpt på bruktbutikken. håper det fell i smak :)

gjer følgande for å bli med:
skriv ein kommentar til dette innlegget, dersom du linkar innlegget med bilde i bloggen din og vert følgar får du to ekstra lodd. fint om du skriv ka av desse tinga du gjer slik at det vert lettare for meg å summere opp til slutt :) treng ikkje ha blogg for å delta, men fint om du då skriv ei mail adresse slik at eg finn deg att :)
trekning vert 31 mai :)
håper DU vil delta :)


mandag 18. mai 2009

Før og etter

make over av mine første bruktbutikk kjøp :)
denne raude krakken har eg mala kvit. vart veldig fornøgd med resulatet. når vi flyttar skal denne stå på Anine sitt rom. kanskje med ei dukke på :)
gullskåla på dette bildet har eg spraya med sølv spray.
meir min stil med ein gang :)
og denne gamle steikepanna(?) har eg og spraya med sølvspray. spraya ikkje handtaket då eg syns det passa at det var litt slitt gammal stil. kjempefornøgd! knytte på ei blondesnor og hengte den på kjøkkenet. vert nok ikkje lenge før eg tek turen tilbake til bruktbutikken :)

har alle det bra dagen derpå 17 mai eller? :o)
litt gråare vær idag, men litt deileg og. i går var supervarmt! men ein herleg dag!! :)

har vaska og rydda heile leilegheita idag. vore visning her. trur ikkje det vert vanskeleg leige ut denne leilegheita etter at vi flyttar, ei superkoseleg leilegheit er det!!
tenk om vi klare holde det so ryddigt som det er no??? då blir eg i superhumør :) å ha det ryddigt og reint rundt meg gjer noko med humøret. eg er vel ikkje åleine om det vel??

so no er det avslapping og sofasliting :) og FRI i to dagar :) men so er det jobbing heile helga...

KLEM :O)