søndag 29. juli 2012

Spisebordet akkurat no, og tips til kor du kan finne inspirasjon

Syns ikkje du ofte det er vanskeleg å finne ut korleis du skal pynte her og der?
Her om dagen var det spisebordet eg var så oppgitt over.
Når eg treng inspirasjon går eg ofte inn på stylizimo.com og koser meg med mange fine bilder der.
Der fann eg ideen til å dekorere spisebordet med ein enkel kvist i ei flaske-så enkelt kan det faktisk gjerast.
Tok ein av lerkekvistane mine, og fann ei flaske eg kjøpte på Nille ifjor.


Vart veldig haustleg-men det er vel meir haustvær enn sommavær ute også....



Igår var eg i kirka og såg ein kollega gifte seg.... ♥
Om 14 daga er det min tur...kjenner sommarfuglane danse i magen☺
Vart nettopp ferdig med å brette kirkeprogram og held på med sanghefte no. Gleda meg til å bli ferdig med alt som skal gjerast og berre glede meg til dagen...og grue meg litt og☺
Heldigvis har vi ferie no og kan bruke dagane ilag på å planlegge siste rest.

Hugs giveawayen min-trekning 1 august. Link øverst på bloggen☺

Klem


2 kommentarer:

Unknown sa...

Kjempekoselig:)
Og en passe pynt til høstværet vi har for tiden ja:)

Håper på knallsommer i August ♥

Anonym sa...

Herlig pynt av bordet:)
Ønsker deg lykke til med forberedelsene til den store dagen din:)
Ha en herlig kveld

Klem Merete