fredag 30. desember 2011

Min nye favorittjuleblomst...

...er denne☺
Azalea?.....



Forma er bedre, prøver meg på jobb imåra.
Tenk at det er neeeesten 2012 allerede-blir eit spennande år for oss♥

Vi skal til eit vennepar imåra kveld-gleda oss☺ 
Har DU nyttårsplanar?

Klem

onsdag 28. desember 2011

Mamma teejne

....som Elias ville sagt det☺
Eg kunne ikkje vere dårlegare enn andre bloggara og var i skogen rett før jul og fann meg nokre kvista til å lage stjerne av.


Den har fått plass på bildelista over slagbenken.


Amaryllisen blomstrar SÅ fint! ...ikkje no lenger...☺


Her i huset er det sjukdom som råder no; prinsessa har hosta i 3 veker og er småslapp, prinsen har også hosta ei stund og fekk idag 40 i feber og er forkjøla og eg har lagt i 3 dagar no med forkjølelse. Godt at vi har ein snill pappa/kjæreste som tar seg av oss♥
Men romjula blir ikkje den samme kosen som vi skulle ønskt.
I tilleg har vi merka Dagmar godt so været har heller ikkje innbydd til å vere ute. Men vi har vert heldige i motsettnad til andre som har merka stormen innpå seg....

Tilbake til TV-og nettsurfing....
Håpe DU har ei fin romjul♥

Klem

søndag 25. desember 2011

Julebordet

Eit knippe bilder frå julebordet igår. 
Vi kosa oss, 8 voksne og 2 barn☺
(Elias på 19 mnd la seg før middagen-lettare for oss voksne å slappe av då)


Enkel pynt på tallerken med serviettar, serviettringar og granbar.


Ellers på bordet var det sviblar, kuler i fattigmannssølv, telys i sandkakeformer og andre lysestakar og lys forma som nissar.



Servise frå Høganes, Nina hardangerbestikk og glass frå Rosendal.


Middagen bestod av pinnekjøtt, kålrabistappe, poteter og rød-og surkål-NAM☺
No er det snart klart for dagens middag; svineribbe med samme tilbehør som igår-NAM igjen☺

Ha ein fiiiin 1 juledag alle sammen☺

Klem 

fredag 23. desember 2011




God Jul alle fine i bloggverden
Treet er pynta og vi glede oss til måra dagen :)

Håpe alle får ei fredfull jul :)
Klem M <3

mandag 19. desember 2011

Ikkje akkurat 3 nøtter til Askepott men....☺

Ei grein som eg fann på bakken under skitur med prinsessa igår vart med heim og tørka.
No heng den i verandadøra og er blitt pynta med ei lita englevinge, kuler frå Kremmerhuset, heimelaga lykter og ei lykt eg fekk til 30 års dagen min ifjor.


Syns det vart veldig koseleg☺



No ventar vi på foreldra til min kjære, dei kjem med flyet frå Bodø idag. Skal vere her til over jul☺
Og so må eg få pakka inn litt julegåver...det nærma seg fort den store dagen☺
Både prinsen og prinsessa måtte hentast frå barnehage og skule idag; oppkast og diarè :( Stakkars små, men er glad dei blir ferdig med det til jul...då var det berre meg igjen då... :( 

Klem

søndag 18. desember 2011

Siste helga i advent♥

☺Bilder frå ei fin helg☺

Gjer oss klar til pepperkakebaking☺


Besøk av min bror som vart med å bake pepperkaker med oss.


Prinsessa syns det er veldig kjekt å bake.


Kjempekoseleg å bake ilag med onkelen☺


Broren laga sjakkruter-nam!



Prinsessa pynta pepperkakehus som bestemora hennar har laga til oss.


Fyr i peisen og herleg vinterland ute♥


Levande lys♥



4 søndag i advent-allerede☺
Små og store gleda seg til neste helg☺


No skal vi ut i snøen alle mann☺

Klem

lørdag 17. desember 2011

Vinter på trappa

Ynskjer alle ein fin lørdag...julekonsert frå slåttet og pizza her :)

Julestemning....

....håpe den varer :)

onsdag 14. desember 2011

Stol før/etter

For leeeeenge sia kjøpte eg to slike stolar på bruktbutikken.
Dei har blitt ståande
og ståande
og ståande
-for ting tar ofte tid her i huset☺


Men no er den eine malt og puta er trekt om.
Til det brukte eg eit kjøkkenhandkle.
-elendig bildekvalitet, men får ikkje lasta ned bilderedigeringsprogram på nye pcn :(


Stolen står under trappa ilag med lykter, eit gammalt bord-male,ikkje male?, ei gammal symaskin og ein sypress i urne.
Døra her går inn i boda. 


Kanskje du ser nåke anna som er forandra her også??☺
-bortsett frå at vi fortsatt manglar taklister :(

No står husrydding på programmet-jippi.....☺

Ha ein fin dag☺
Her regnar og bles vi vekk....

Klem

mandag 12. desember 2011

Ynskjeliste for jula 2011☺

boka Naturligvis
grått skinn-f.eks frå Bohus,Skeidar,IKEA


Eames gyngestol, Eiffel chair og Tolix, alle er look alike-kjøpast hos Cultfurniture.com
Rosendal pepperkvern og sausmugge

Timberland støvlettar-brune eller svarte, og vinterbukse

varm god dunjakke-f.eks denne frå Kari Traa

varme vinterhanskar

varmt panneband-gjerne frå Kari Traa




skåler frå TineK home-kan kjøpast hos HeidiBo

Taklampe frå TineK home til venstre og arbeidslampe frå Clas Ohlson til høgre

vase frå Kremmerhuset
 
Fasett lys frå TineK home-kan kjøpast hos HeidiBo

Lys frå TineK home

plakatar-kan kjøpast hos Hviit.no
2 stk store gode dunputer-f.eks frå Princess eller KID


.....og so ønske eg meg ein kjempefin baderomsserie frå Ting☺
vente bere på at min bror skal spør ka eg ønske meg hihi☺
Og pengar?? Ja takk☺☺

Ser heller ikkje vekk ifrå at lista blir oppdattert etterkvart☺

Klem