torsdag 30. juni 2011

50% på KID☺

Nye puter til kosekroken.
Kjøpt på KID til 50%.
Me like☺


Mange fine puter der-og eg har plutseleg komt på at eg har jo ein slagbenk som treng ein del puter....☺
Imåra har eg fri so då trur eg det blir puteshopping på Kid☺


No er det lunsj med vesle prinsen,
så til sentrum å kjøpe billettar til Kvernsteinsrock i helga
og deretter seinvakt.

Håpe dagen din vert fin☺

Klem

tirsdag 28. juni 2011

I will share

....a little LOVE
i det grå grå grå juni været.....


Love te frå Pukka

Regnet HØLJA ned.
Prinsessa er på sommar(?)idrettskule-kanoturen vart avlyst pga flom....heldigvis :/ 

Eg skal danse soldansen-bli med du og!!

Er forresten kjempekjekt å sjå bilder å lese innlegg frå GLANSdagen i helga-neste år har eg og lyst å vere med.....☺

Klem

søndag 26. juni 2011

Ny pute

40% på Princess.....

torsdag 23. juni 2011

Vrihassel på pallebordet

Vrihasselen min har sagt takk for seg ute i hagen, 
då er det jo fint å kunne vri (hihi☺) av nokre små greiner og pynte med inne på det nye bordet mitt☺


Syns alt tar seg so mykje finare ut på det nye pallebordet mitt-me like☺


Glass frå Tine K home og vrihasselgreiner i glassvasar.

Vi har nett komt inn frå jonsok feiring-bål, grillmat og fotballkamp mellom barn og voksne☺
No er det leggetid for små barn so skal dei voksne ut å ha litt voksentid ilag med vin og digg☺

Håpe alle har ein fin dag☺

Klem

onsdag 22. juni 2011

Giveaway hos Noe på hjertet

Hos Noe på hjertet kan du vinne ei valgfri Kelly Moore alt muleg veske!!!
Eg kryssar fingrane for at eg blir den heldige

tirsdag 21. juni 2011

Kosar oss på verandaen i finværet. God kvelds og vannmelon :)

torsdag 16. juni 2011

Relax.....

.....gjer eg akkurat no☺


Eg fann ein wallsticker-har nokre av dei på lur☺-som eg fann ut eg ville prøve ut på da nye DIY pallebordet mitt.
Syns det vart ein tøff detalj☺
(stickeren er frå Hilde Heimdal)


Idag er sommaren her igjen-varer nok ikkje so lenge...
Men sol frå skyfri himmel seier eg ikkje nei takk til☺
No frukost,
Elias søv,
etterpå skal vi ut å nyte finværet.

Håpe sola skin på deg☺

Klem

tirsdag 14. juni 2011

Nytt DIY bord i stova☺

Det nye bordet vårt er på plass☺
...ikkje 100% ferdig men....

To pallar mala kvite av min pappa, 
og glassplate på toppen-kjempefornøgd☺
Det skal etterkvart komme hjul på det, og evt ein kloss mellom pall og hjul,
må nett sjå ang høgda.


To glass frå Tine K home og ei glasskål frå Nille-med litt seigmenn oppi☺-pyntar bordet.


....slik såg det ut før....


Vi har hatt ei fin pinsehelg med besøk frå Oslo, søndagstur og gode fiskemiddagar laga av min kjære☺
I går var det sol frå skyfri himmel-idag er det tilbake til det "vanlege" vestlandsværet....
Eg har mi siste veke av ferien frå i fjor, neste veke er det jobbings for meg, 4 veker før eg skal ha ferie med min fine familie♥

Håpe alle får fine dagar☺

Klem

onsdag 8. juni 2011

Blomster i krukker

Uteområdet framfor huset er eit lite problemområde-vanskeleg å pynte å gjere det koseleg.

Vi bur i ei rekke fire og det er ikkje nåke form skille mellom leilegheitene anna enn ein liten skillevegg ved inngangsdøra.

Her har eg gjordt eit forsøk på å pynte opp litt utanfor uteboda vår.
Hortensia og lavendel kjøpt på Plantasjen.


Eit gammalt melkespann med herleg duftande lavendel.


Posta frå min HTC

Første innlegg frå min HTC

Eg har fått meg ny mobil ;) Prøver meg fram og lærer etterkvart.
Kjempefint vær i dag-godt å sjå sola igjen. 

tirsdag 7. juni 2011

Bloggurat

Eg har plassert bloggen min på kartet i Bloggurat ☺
http://bloggurat.net/kart/registrere/2973/foerde 


...trur eg vertfall-viss eg fekk det til ☺

Ei fin helg☺



Er det plass til meir regn der oppe????
Det bøttar ned for tida-sommar?? NOT!!

I helga var det strålande sol☺
Og kjekt var det for eg var i utdrikningslag til finaste Jenny
Storkosa oss med champagnefrukost, fotoshoot, spa, middag, festitivas og ei nydeleg brud to bee☺



I går kveld var vi og såg prinsessa danse
Dei er so søte og flinke at det er heilt utruleg☺
Utkledde som fine kattar dansa dei til kul musikk☺



Syns det er so kjekt at ho likar seg på dansen og vil fortsette med det-der eg budde då eg var lite fantest det ikkje slikt tilbud, og dans har eg alltid likt.

Har massevis av interiørting eg kunne styrt med-men energien er ikkje heilt tilstades... Og ikkje er det so lett å begynne med store maleprosjekt med prinsen gåandes rundt føttene mine heller☺
Men hovudet er ikkje tomt for planar fordiom☺

Håpar ikkje alle regnar vekk for tida....

Klem

onsdag 1. juni 2011

KalasMystiskeHjørne erklerer sommaren for åpnet med ny header

Velkommen sommar♥
-gis oss fint vær-


Eg har 2,5 veke igjen av ferien og kosar meg heime med prinsen♥
Min kjære har fri frå imåra til mandag so vi tek oss ein liten minitur alle sammen-glede meg☺

Nyt dagen☺

Klem