mandag 28. mars 2011

Bildevegg i gangen

Eg er ikkje fan av mange spikerhull i veggane og då er bildelister perfekte!
Desse bildelistene er kjøpt på Ikea.

 

Fotograf bilde av familien♥
Dei kvite rammene er frå Ikea, dei brune er kjøpt på Living og tanken var å male dei kvite. 
....men vart for utolmodig etter å få bildene fram når vi først fekk hengt opp listene...☺
Innimellom bildene er det fint å ha litt andre ting, som f.eks familiens forbokstavar dekorert med tapet.


Irritera meg at bildene nederst er sett "feil" på dette bildet-bildet av dei søte små ska vere i midten og meg og min kjære på kvar side...det er vertfall retta opp in the real life
ein smule perfeksjonistisk??☺

Her vil vinteren INGEN ende ta-det snør og snør!

Åleine heime,
te, 
godis
3 bryllup på tv3
-og Ungkaren seinare ikveld☺
....og ein liten følelse av at eg held på å bli forkjøla .

Klem

lørdag 26. mars 2011

Earth hour


......cheeseburgers, brus, snop, fotballkamp og familiekos♥

Klem

torsdag 24. mars 2011

Vi tenner våre lykter når det mørkner....

Ein elektrobutikk med ei lita interiøravdeling heime der eg kjem frå hadde opphørssalg sist eg var heime, 
og min snille pappa kjøpte denne store fine lykta til meg☺☺
Køa var laaaaaang, men eg skulle ha den so sto glatt ein times tid i kø....☺
(dei andre som var med meg var nok ikkje like begeistra hehe☺)


Lykta står i eit hjørne i gangen vår.
...under den o` so lekre varmepumpa :S
(det einaste positive med varmepumper-bortsett frå at dei gir varme sjølsagt-er at dei er kvite!)
Ein vase med kongla og ein stol kjøpt på bruktbutikken er med på å dekorere kroken.
Stolen skal pussast opp-må bere finne eit stoff til setet. 


Idag har eg fridag før arbeidshelg.
Har brukt den til å late meg(☺), rydde i klær, ta bilder til blogginnlegg, rydde i gangen og litt ellers i huset. Kjem aldri i mål med rydding uansett kor mykje eg rydda føler eg-blir litt oppgitt av og til....men men!

Min kjære tok-endeleg-billappen i går☺☺ og for første gang kan eg vere heime mens han gjer viktige ærend som eg ellers måtte gjordt☺☺...som f.eks å køyre bilen på verksted for å bruke irriterande mykje pengar :/ 
Men bil må vi ha!

Mine planar for helga er jobbing!
Ka er dine?

Klem

mandag 21. mars 2011

Soveroms inspirasjon


Eit nydeleg soveromsbilde som gir meg masse inspirasjon. 
Trur eg held på å konventere til den industrielle stilen.....☺
Grått, kvitt, sink, naturmateriell, kontrastar, røffe detaljar.

Lite å blogge om akkurat no.
Har ikkje fått tatt bilder til å lage innlegg.
Skulle vist det eg kjøpte meg i Bergen, og snart kan eg blogge litt frå gangen som-endeleg-er litt meir ferdig☺

Snart Ungkaren på FEM-jepp, eg likar den typen reality☺

Her regna det i strie strømmar-enkelte plassar flommer det over. Mykje snø som smeltar vekk-og det er eg glad for-håpe bere flommen ikkje øydelegg nåke. 

Vårjevndøgn-slik været er idag, slik vert vårværet...lovar ikkje godt for vestlandet sin del :S

Ha ein herleg kveld du kjære lesar☺

Klem

lørdag 19. mars 2011

Award med utfordring




Award frå June`s Dagbok. 

Spørsmål 1: Hvorfor startet du å blogge?
Fordi eg ville vere ein del av den inspirerande verden eg plutseleg kom over for 2,5 år sia☺

Spørsmål 2: Hvilke blogger følger du?
Mange!☺


Spørsmål 3: Favoritt makeup merke?
HHar ingen favorittmerke-kjøper vel helst det merket som ikkje er for dyrt. 

Spørsmål 4: Favoritt klesmerke?
Ingen favoritt her heller-kjøper det er likar.


Spørsmål 5: Ditt "må-ha" makeup produkt?
Maskara!!

Spørsmål 6: Favoritt farge
Rosa har alltid vore ein favoritt farge hos meg. Akkurat no er det gammelrosa som er mest favoritt. Ilag med grått blir det nydeleg☺


Spørsmål 7: Parfyme?
Ingen favoritt....

Spørsmål 8: Favorittfilm?
Har vel ingen absolutt favoritt..mange eg likar å sjå om igjen. Men for tida er Twilight ein favoritt-romantikk og eventyr->me like☺

Spørsmål 9: Hvilket land vil du besøke og hvorfor?
USA! Fordi det er eit stort land med mykje å oppleve.

Spørsmål 10: Hva gleder du deg til i nærmeste fremtid?
Jentefest♥

Sender denne vidare til 10 bloggane
Kvardagsgleder  


Lørdag og kosedag med familien♥


Klem

tirsdag 15. mars 2011

Familiekosetur♥

Vi har vore på familiekose tur til Bergen i helga.
Ein vennefamilie var med frå lørdag til søndag♥
Vi har kosa oss masse med god mat, shopping og hotelliv.

Ein fin liten familie på tur
...ventar på ferja....


På søndagen var vi på Akvariet og såg mange spennande dyr.

Fiskar i forskjellige størrelsar og fargar.








Det har vore ei helg med masse kos☺


Kjempegodt å komme seg vekk frå dagleglivet ein gang i mellom.
Tenke på andre ting enn husvask, klesvask, jobb og lekser☺

Men no er det påan igjen med dette☺

Eg skal sove meg opp til nattevakt imåra....☺
God natt☺

Klem


fredag 11. mars 2011

Anette vil sjå favoritten vår☺

Anettes hus har ei ny utfordring til oss:
MIN FAVORITT. 
Ikkje lett å finne, men valget falt på hylla mi over sofaen-som eg nok har vist til det kjedsommelege....☺


Eg er veldig glad i hyller,
og denne her syns eg eg har fått til å dekorere fint også.


Hyller er ein enkel måte å dekorere på; lett å fjerne å sette på plass nye ting☺
Perfekt for meg som ikkje lika å ha mykje på veggane.
Syns det er finare å samle mange ting på ei hylle.


Er også veldig glad i trykkerikassen som står under hylla....☺


Klikk deg inn på Anette sin blogg å sjå mange fine bidrag til utfordringa hennar☺

Vi er i "gjere oss klar til familiekose tur med eit vennepar" modus☺
Turen går til Bærrrrrrgen♥
Shopping, god mat, hotellseng, hotellfrukost, akvariet, bryggen osv....gleda oss☺

Håpe alle får ei super helg☺

Klem 

torsdag 10. mars 2011

H&M i Bogstadveien

Skulle gjerne vert her idag!
Opning av H&M home i Oslo!


I bloggen til Boligdrøm kan du lese meir om opninga. 

Eg skal på seinvakt idag, og har fått fri imåra-ska bruke dagen fornuftig☺
I helga skal vi til Bergen på familiekosetur med eit vennepar♥
Gleda oss til hotell, middagar, shopping og akvariet☺

Ha ein herleg dag der ute  i verden☺

Klem

mandag 7. mars 2011

DIY-dekorere bokstavar

Vart inspirert av Bjørg sitt bokstavprosjekt og måtte herme litt...☺
Håpe det er ok Bjørg...☺
Med bokstavar frå Kremmerhuset-som no er på tilbud-og tapet frå inreda.com
var det enkelt og veldig kjekt å gjere bokstavane til kvar enkelt i familien dekorative☺
Har ikkje heilt fått plassert dei enno, men måtte vise dei fram likevel☺



Eg har vore heime frå jobb idag-min tur å få omgangssjuka :(
Våkna i natt og var kvalm som fy, og tilbringte ein del tid på badet i natt ja :(
Hata å spy so håpe eg kjem meg fort til igjen!

Mannen er på trening og min søte små er lagt♥
Savna VM eg....☺

Klem

lørdag 5. mars 2011

Mista bilde i bloggrollen?

Ser du bilde mitt i bloggrollen din no??


Isåfall funka oppskrifta frå bloggen Cathrines kreative hjørne
men husk at du må gjere dette to plassar i første bilde☺

Legg ved ei oppskrift på dette eg:
som eg har henta frå Har en drøm

* Last opp et bilde på et nytt innlegg.
* Trykk på "knappen" rediger HTML i hjørnet.
* Da ser du en masse koder.
* finn koden som ser slik ut: href="http://lh5.googleusercontent.com/
(ps. denne står TO steder på samme bilde og begge må gjøres om)
* Gjør om hele denne linjen til: href="http://lh3.ggpht.com/ 
(husk og gjøre det på begge steder)
* Publiser innlegget - nå skal bildet ditt vises i bloggrollen.

Klem

fredag 4. mars 2011

Prosjekt frå bruktbutikken

To nye prosjekt vart med heim frå bruktbutikken i går☺

Har sett etter eit bord for å ha mellom Jennylund stolane i kosekroken, 
og dette må jo bere vere perfekt til det☺
SMSa min kjære mens eg var på brukten for å høyre om han også ville ha eit bord i kosekroken-første sms tilbake stod "ok", rett etterpå kom det ein sms til der det stod: "ikke visst det skal males 100 ganger". 
Neida min kjære, tenkte eg...bere 2-3 gangar og betalte dei 125 kr bordet kosta☺


Spurde min kjære i går kveld om han likte bordet: "ja, men liker ikke alt som ligger oppå det".
Han hadde trudd han skulle få ha bordet heilt for seg sjøl, og ville bruke det til å legge aviser på.
HAHA
seier eg då!
Aviser er jo kjempedekorativt!

Kjøpte også denne settekassen.
Tenkte Elias skulle få ha den på rommet sitt-når han ein gang får det☺
Litt usikker på korleis eg skal dekorere den.
Inni er det kork so tenkte eg skulle dekorere alle romma med ark med forskjellige mønster, men om eg skal male eller spraye den og ka slags farge veit eg ikkje.




Var det ikkje fantastisk spennande på herre stafetten idag??
Makan til herleg seier☺

Helg☺
Er det ikkje herleg?!!
Eg har arbeidshelg-men korthelg-so ikveld er det helg for meg☺
Og fredag er jo og den beste dagen☺

Har du helgeplanar?

Kos deg, min kjekke blogglesar☺

Klem

torsdag 3. mars 2011

Eit supersøtt smykke fekk eg i posten her om dagen☺
Bestilt frå Etsy-tinytreesboutiqe
Dette er scrabbel brikker som er gjordt om til dei finaste smykke delar.
Er kjempemange brikker i ulike motiv å velge mellom so du kan få akkurat det smykke du vil☺


No sit eg i sofaen og slappar av framfor TV og pc med ein kopp te.
Mine søte små er lagt, og min søte store er på trening. 


Nyt resten av kvelden☺

Klem

onsdag 2. mars 2011


Tuuuusen takk for alle lykke ønskingar i forbindelse med jobbstarten min!!
☺☺☺
Det går veldig bra!
Godt å komme tilbake til kjekke kollegaer, takknemmelege pasientar, ein kropp som fungera-bank i bordet- og ein snill og god pappa som er heime med vesle gullet♥

No er det to fridagar-egentleg tre, men tok ei ekstravakt på fredag☺-egentleg fint å jobbe turnus i 80% stilling☺

Sol og VM-og ein kjæreste som skura steikovnen-kan det bli bedre?? Hehe☺

Klem

tirsdag 1. mars 2011

Nib utfordring-kjøkken

Slenger meg med i Nib si utfordring: Kjøkken!
Er ikkje so veldig glad i kjøkkenet vårt-men det duger☺
Mykje eg kunne tenkt meg å gjordt med det, men TTT☺
Innredninga er malt og nye dørhandtak er satt på.
Ellers får stæsjet mitt pynte opp so lenge☺



Bling bling på lysekrona☺


Kjøkkenparken min☺


Bøker lett tilgjengeleg ved komfyren.



Flueskap frå Lobelia og oppussa brødboks frå bruktbutikken.


Ynskjer alle som er med i utfordringa lykke til☺

Klem