onsdag 30. juni 2010

Lille verandaen er blitt stæsja

Eit bittelite kjapt innlegg frå meg ikveld.
Forma er langt ifrå på topp so eg orkar ikkje skrive nåke langt innlegg.
Har fått influensa.
Frys, sveittar, verker i kroppen, hovudverk og svimmel.
Min kjære er også sjuk, men han er litt bedre enn meg og er superflink å ta seg av Elias♥
Og passe på at eg får i meg mat og drikke-nåke eg er veldig lite flink til når eg er sjuk...
Storesysta har reist på ein miniferie til besteforeldra.

Viser eit lite bilderas frå lille verandaen vår.
På jonsokafta tok eg å stæsja den litt.
Har endeleg blitt kvitt edderkoppane der ute med vidundermiddelet eg kjøpte so då er det mykje kjekkare å vere der.
Håpe finværet kjem snart-og at eg blir fort frisk-slik at vi får kose oss der ute og
...før alt stæsjet må ned att til høsten...


Håpe alle er friske der ute og at sola skin på dåke☺

mandag 28. juni 2010

Ein gammal trestige

Eg har lenge vore på leit etter ein trestige.
Då eg fortalde det til pappa meinte han det var ein trestige i huset til bestefar.
Og det stemte☺
Han fekk henta stigen, malt den kvit og eg fekk den køyrt til meg☺

No står den so fint i stova mi og fungerar som hengar for nokre av pledda mine.


Eg tok å spikra i nokre små spikrar for eg tenkte det kunne vere fint og henge litt småstæsj på.
Men er ikkje sikker på om eg likte det so godt likevel....
Har hatt enno meir hengande enn det som er på desse bilda her og det vart ikkje fint.


Bestefar sine initiala rissa inn i stigen
Kjempeglad for å ha dette som eit minne om min bestefar
Han bur no på sjukeheim og vi er dessverre altfor lite flinke å besøke han :(


Idag høljar regnet ned her og det har tordna.
Men no ser vi plutseleg litt blå himmel igjen-typisk vestlandsvær☺
Meg og Elias gjere ingenting-og det er bere godt☺

Og der våkna Elias frå ein liten lur-som han forøvrig brukte litt tid på å få til idag.
Ein kjempetrøtt liten gut som berre småskreik og stritta imot uansett ka mammaen prøvde på, men sovna til slutt.
No er det kosetid

søndag 27. juni 2010

Prinsesserommet har fått ein make over

Her er rommet til prinsessa slik det har sett ut sidan i januar.
Gipsplater på veggane er veldig fint, men lite praktisk når ein har lyst å henge opp ting.
Senga fekk ho til 2 års dagen, gardrobeskåpet fekk ho til jul i fjor og nattbordet har eg kjøpt på bruktbutikken og pussa opp.



Lenge har eg sett etter finare seng til prinsessa.
Har visst ka slags type seng, men ikkje klart å bestemme meg.
For nokre mnd sidan fekk dei inn ei ny seng på Skeidar, til introduksjonspris.
Akkurat slik eg har villa hatt til prinsessa!!
Det som er so bra med denne er at du kan slå den ut til 160 cm seng☺
Perfekt for overnattings gjestar☺
So i dag har min kjære stått i timesvis og montert seng☺
Flinke mannen min♥

Har også hatt ferdigmalte panelplater på veggane.
Desse spikra pappaen til min kjære opp då foreldra hans var på besøk her i mai.
Kjempefint-og endeleg kan vi henge opp bilder, speil og hyller på veggane uten å vere redde for stygge store hull☺

So fint og koseleg det vart på prinsesserommet no♥
Her går det i rosa og kvitt☺


Englevingene passar på prinsessa når ho søv.
Bokstavane over senga er eg kjempefornøgde med!!
Dei er bestilt av Ida som har bloggen Drømmar om vitt och shabby.

 

Veggord som eg vann frå Hilde Heimdal sin nettbutikk☺☺
Er kjempefornøgd, syns det vart veldig dekorativt over senga til prinsessa.
Hilde sin nettbutikk MÅ du ta turen innom, masse fint☺
Kan røpe at eg ventar enda ein pakke derifrå om ikkje so lenge-gleda meg, hihi☺


Putene med stjerner er kjøpt på KID og hjerte putene er kjøpt på IKEA.
Sengesettet og pleddet er også frå KID.
På bildet til høgre kan du helse på Bæsn.
Den bamsen fekk ho av pappaen sin den dagen ho vart fødd og den har sia då vore hennar beste venn
Den har ho hatt med seg kvar gang ho skulle sove eller når ho ville kose. ¨
Siste tida har den ikkje vore so viktig , og om ho gløymer den enten her eller hos pappaen får ho sove likevel.
Navnet fekk den fordi det var slik ho sa Bamse då ho var lita☺
Den har fått diverse "småsår" oppgjennom åra, til og med plaster har den hatt på☺

 

No gledar eg meg til prinsessa kjem att imåra etter ei veke hos pappaen.
Spent på ka ho vil seie☺
Ho veit ho får ny seng, men sist ho var her stod nye senga i gangen-i eska, den gamle senga hennar var satt på gjesterommet og ho sov på madrass på gulvet-nåke som forøvrig var ganske stas syns ho☺
Får tru ho like senga betre enn madrass på gulvet...hehe☺
No gjenstår det å ta resten av rommet-den delen bak kamera...☺
Når nåke er forandra får eg lyst å forandre heile rommet☺
Nåke skal malast, nåke skal ut av rommet og nåke er bestilt på nettet....☺

Håpe alle har hatt ei fin helg☺
Vi har bere vore heime.
Kosa oss med Elias, litt shopping, trilletur, god mat, snop, og litt husarbeid-som ein visst aldri kjem utenom...☺
Ny veke-nye mulegheiter!!

lørdag 26. juni 2010

Vakre arveting♥

Min kjære har arva ein kjempefin duk frå si Mor
(also bestemor, dei kallar bestemor og bestefar for mor og far)
Duken pryder vitrineskapet i kosekroken vår.
Eit kjempefint minne min kjære er veldig glad for å ha fått


Etter at eg begynte å blogge har eg lært meg å meir sette pris på slike arveting.
Grunnen til det er nok at eg har, gjennom mange fine blogga, sett at tinga ikkje nødvendigvis  brukast til det det er meint for.
Ein duk ikkje ligge på bordet, ei sandkake form ikkje brukast til å lage kaker i, ei klokke ikkje berast på armen osv.
Det fine er at desse tinga kan brukast i interiøret og bli eit vakkert stilleben som minner om personen som har eigd, eller kanskje til og med laga det.

Deileg med helg-når alle har fri og kan kose oss ilag
Håpe alle har ei fin helg
uansett vær
Klem

fredag 25. juni 2010

Blomster frå min kjære♥


Min kjære er flink å gi blomster
Sjøl om dei kjem frå Rema1000 er det like kjekt å få
Rema1000 har hatt tilbud på roser denne veka, 20 roser for 20 kr!!

Kjempefine kvite rose med ein anelse rosa i


Og når dei begynne henge litt med hovudet er det kjempedekorativt å klippe vekk stilken og legge blomsten i vatn


For dåke som lurte på Elias si vekt etter kontrollen på helsestasjonen....
blitt stor ja...
på 7 veke...
lagt på seg 3 kg!!!
Jepp, du las rett
3 kg!!!
Er over øverste streken på kurva, på første kontroll allerede
Er nok fløyte i melka ja
☺☺
Men so fin og god med bollekjakane sine
♥♥
♥♥

Her er det frukost for meg med te i min nyaste GG kopp som er på tapeten akkurat no.
Elias ligg på leiketeppet i berre bleia og kosar seg.
Deretter skal vi på besøk til ei god venninne....
men ei anna god venninne
i regnværet.....

torsdag 24. juni 2010

St.Hans feiring

Vi feira ei kjempekoseleg St.Hans med naboar frå burettslaget☺
Stort bål....

....grilling....



....og fotballkamp mellom damene og ungane under 4 klasse.
Her er meg i lilla jakke på vei mot mål...men mål vart det ikkje☺
Ungane vann 2-1☺
Etterpå spelte mennene mot ungane over 4 klasse.
Ungane vann 10-9☺


Kjempekjekt hadde vi det!
Og været var strålande

Idag er det overskya, men ganske bra temperatur likevel.
Vi skal ha vår første kontroll på helsestasjonen idag.
Gledar meg.
Spent på vekta, han er blitt ein liten plugg
Spørs om det er fløyte i morsmelka, hihi☺

Nyt dagen alle sammen

onsdag 23. juni 2010

Shopping hos Lobelia

Eg syns bokstavar i interiøret er kjempefint.
Har forbokstavane til alle i familien rundt om i huset.
Og no måtte eg også ha ein E, for veslegullet Elias☺

Fann den hos Lobelia
Akkurat denne eg ville ha


Men å kun kjøpe det ein leitar etter i ein interiørbutikk er umuleg....enten det er på nettet eller i sjølve butikken☺
Handlekorga fylte seg opp og eg enda, nok eingang, opp med å måtte velge vekk ting eg ville ha☺

Denne "skoen" syns eg var tøff!
Er frå England ifølge beskrivelsen.


Kjøpte meg også ein Madonna.
Det har eg lenge ønskt meg
og denne med jesusbarnet i armane syns eg er veldig fin og får meg til å tenke på kor viktig det er å ta vare på barna
Har plassert den i ei glassklokke ilag med litt anna stæsj.


Har satt skoen og Madonnaen oppå vitrineskapet i kosekroken min.
Er begynt å bli ganske fullt oppå her, men syns egentleg det er fint



Håpe alle får ei kjempefin St.Hans feiring☺
Vi skal feire med heile burettslaget vårt☺
Grilling, fotballkamp mellom dei voksne mot ungane og sjølsagt jonsokbål
☺☺
Enjoy!!

tirsdag 22. juni 2010

Med dette bildet......


......vart eg ukens vinner på Ikea si FBside
Kjempeartig at bildet mitt vart likt!
Bildet er no Ikea sitt profil bilde denne veka!


Tusen takk Ikea!!

mandag 21. juni 2010

Blomsterprakt frå barnehender♥

Verdens finaste prinsesse
har plukka den
finaste bukett blomster
Lite varmar eit mors hjerte meir


I eit norges glass pyntar den vakkert opp på skjenken
og minner meg om prinsessa no når ho har pappaveke



Mine to skjønnaste