fredag 30. april 2010

Vogga er på plass♥

I går kveld tok min kjære vogga opp i stova, endeleg
Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg er dette ei vogge vi har lånt av eit vennepar, og som vi har vore so heldige å fått malt kvit
Og slik ser den den ut no
Her må jo bere veslebabyen trivst
Ein liten bamse ligg og ventar på at babyen skal komme ut so han slepp å ligge i vogga åleine..
Denne bamsen har babyen fått frå Mor og Far i Nord(foreldra til min kjære)☺ Kjøpt i USA☺
Slik ser det ut der vogga står no.
Viss nåken hugsar denne vinkelen frå før har det tidlegare stått nokre gamle koffertar der vogga står no.
Desse koffertane har eg flytta inntil eine sida på peismuren og fyllt den eine med pledd


I dag er termindatoen!! Skjer det nåke snart mon tro??
Eg er begynt å få meir tru på at min private termin stemmer, den er 4 mai. Den stemte sist eg var gravid, då fekk eg to veker før ultralyd termin, men dagen før min termin.
Alt gjekk bra hos jordmor i går. Bestilt time til overtids ultralyd-håpe eg slepp det! Blodtrykket var akkurat i grenseland-noko ho meinte betydde at fødselen var like rundt hjørnet... Hovudet var festa, heldigvis. Og magen har vokse masse siste to vekene, er komt godt over kurva :S So eg ser for meg ein ganske stoooor bebiss...
Jaja, ut skal den.uansett!!☺

Helg igjen☺
Deileg eller??☺
Vi skal slappe av og kose oss heime☺
Og eg håpar å få gjordt litt meir oppussing og rydding i gangen☺

Må få takke for alle dei kjempekoselege kommentarane eg får-det er so kjekt og eg blir so glad
Dåke er supre alle som ein

God helg alle sammen☺
....Håpe det vert nokre dagar til mitt neste innlegg...
☺Hehe☺

torsdag 29. april 2010

Roser frå min elskede♥

I går fekk eg roser frå min kjære
Er ikkje lenge sia eg fekk tulipanar so eg føler meg heldig som har ein slik snill kjæreste♥
10 korallfarga nydelege roser

Har leitar på nett etter betydninga av roser,
og ifølge det eg fann betyr fargen på desse rosene
lidenskap og entusiasme
Og å få 10 roser i ein bukett
betyr
vil du bli min hustru
☺☺
men akkurat det trur eg ikkje min kjære veit so den får vi heller la ligge
hehe☺
♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥

Ja då er det bere ein dag igjen til termindatoen 30 april
Skal til jordmor no, kanskje dette vert siste timen der??
Kortid har du tenkt å komme ut veslegull???
Opp med handa alle som trur at det er sol her idag...!!!

onsdag 28. april 2010

Sol sol kom igjen sola er min beste venn.......

.....vekk med sky og paraply
hold no opp å regne....
¤sang frå prinsessa sin barnehage¤

Her skulle det egentleg vert bilder frå nyplanta rhododendron, søylejapankirsebær, magnolia tre og stemorsblomster, i nye og gamle urner.
Men værgudane fortset med sin annakvar dag politikk og lar regnet øse ned idag.
So vårbilder frå uteområdet lar vente på seg
..den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves☺

Viser istaden bilder frå prinsessa sine nyinnkjøpte klær på KappAhl. Er so masse fint der, til liten og stor for tida.

Denne haremsbuksa er bere superkul-den hadde dei dessverre ikkje i butikken i rette størrelsen so den har min søster funne i Bodø og sendt nedover-jippi☺
Skjønne sko-som prinsessa bere måtte ha-trur det var skoa ho var mest opptatt av☺

Desse skjortene er bere superfine.
Kjøpte og ein lignande i kvit.

Og med ein vest utanpå-soooo fin♥


Denne kjolen kjøpte vi og. Ho ville heller ha denne enn den søøøøte vintage kjolen ho(eg..☺) hadde funne først☺

Her er prinsessa klar for bursdagsfeiring i helga☺ (og prøv og forestill deg haremsbukse istadenfor skjørtet☺)
Skjerfet er og kjøpt på KappAhl.

Lurer du litt på den militære stilen???
Kan vere ein følge av mammaen sin:
"no må du stå heilt i ro!!!"☺
Og vi gjer som mamma seie, hehe☺

Idag er det fullmåne-eg ventar i spenning på om myten om fødsel når det er fullmåne slår til-og gjer den det er det heilt ok☺☺
Men ifølge statistikken er det ikkje fleire fødslar ved fullmåne enn ellers-men ken bryr seg vel om statistikken???
Hehe☺

Idag har superbroren min bursdag
HIPP HURRA
for deg broren
!!!!!!!

tirsdag 27. april 2010

Ingen fødsel, men kanskje litt vårfølelse??☺

Frå lilla.....
...til kvit
(bilda med dei lilla gardinene er frå i høst då eg hengte opp gardinene, bilda med dei kvite gardinene er frå igår)

Eg prøve å lokke fram vårfølelsane med å skrive ¤VÅR¤ på ei tavle.
☺☺☺

Eg er på leit etter urner til å ha på terrassen, men synest ikkje eg finn so veldig fine. Viss du veit om kjedar som selger fine urner blir eg glad om du gir ein lyd frå deg. ☺
Drømmen er store kraftige pokalurner, men det finn eg ikkje :(

Idag skal eg vaske litt klær, legge sammen klær, henge opp klær
og dekorere litt fyrstikkesker med vintagebilder og blonder☺

mandag 26. april 2010

nine søker bokstaven A....

Idag skal det bli frå lilla til kvitt her!!
No orkar eg ikkje vente verken på vårfølelelsen eller å tilpasse det fotballkampar eller andre ting!!
???? tenker du kanskje no
Tingen er at eg skal ta ned mine lilla gardiner i stova og henge opp kvite vår/sommar gardiner.
Og sist eg var gravid hengte eg opp gardiner den dagen prinsessa vart fødd, to veker før termin, og då tenkte eg at det skulle eg gjere denne gangen og-kanskje det var det som skulle til☺
Men so hadde min kjære litt fotballkampar som skulle både spelast og sjåast på slik at det hadde kollidert litt med ein fødsel, hehe, ekje det det eine so er da da andre☺
Og sia eg ikkje fekk hengt dei opp for ca 14 daga sia har eg tenkt at eg skulle vente til det vart litt meir vårleg ute, men det har jo ikkje anna enn regna og snøa nesten!!!
Men no!!! No gidd eg ikkje vente lenger-gardinene skal ned og nye skal opp-I DAG!!!
Høyrest eg litt lei ut eller??
Er vel kanskje begynt å bli pittelitt lei ja... Har det heilt ok egentleg, men lurer jo veldig på ken vesle babyen er...men er mest lei av å ha so plage med rygg/bekken at eg ikkje klare gjere nåkenting uten smerter.
Og so har eg jo masse prosjekt som lar vente på seg for tida, maling og spraying☺ Og det klør eg i fingrane etter å begynne på☺
"Du kan ikkje male når du er på graviden" seier min kjære...so då får eg bere vente☺

Nok klaging no☺

Frå det eine til det andre..... Over til det som ligg bak overskrifta mi.
Bokstavane under her dannar navnet til prinsessa mi...NESTEN!!
Manglar ein A..og lurer desperat på om det er nåken ute i bloggverden som kan hjelpe meg med å få tak i ein slik?? Dei er ikkje store, ca 5 cm høge. Grunnen til at Aen manglar er rett og slett at den var utsolgt på den butikken eg var, men eg kjøpte resten av bokstavane hennar i håp om å få ta i ein A seinare. Eg kjøpte desse på Gullgruven utanfor Bergen, hos Black Design, men veit Farmors Hus har dei og har sett dei hos Confetti på Jessheim Storsenter. Viss du veit om ein butikk som har desse og har tid og lyst å sjekke om dei har Aen, OG har tid og lyst å sende den til meg lovar eg ein liten premie tilbake☺

☺Blir overlykkeleg om DU kan hjelpe☺
På forhånd takk☺

hiv eg meg i gardinprosjektet mitt-kanskje det vert ein fødsel utav det??☺
Eller kanskje det lokkar fram vårværet
Ja takk begge deler
seier no bere eg☺
Ute regnar det, snøen er heldigvis vekke!
Men vårfølelse?? Nope, det har eg ikkje :(

Vart visst eit syteinnlegg dette, hehe☺
Trur ikkje det er so gale som det høyrest ut til...☺
Kjem sterkare tilbake med eit meir positivt innlegg☺

Håpe du har ein fin start på dagen og den nye veka, siste veka i april☺☺

OPPDATERING
Kjempesnille Janne Merethe har funne ein A til meg☺☺
Tusen takk☺
Og som lovd blir det ein liten "finnargåve" på ho etterkvart☺
Ellers må eg få takke alle som tilbydde seg å sjå etter A for meg, dåke er supersnille☺ Ka skulle eg gjordt uten blogglandia☺☺
 

lørdag 24. april 2010

Værmannens aprilspøk????

Slik såg det ut utanfor verandadøra vår i går ettermiddag-deprimerande syn! Og det ser ikkje so mykje betre ut idag.

Her ser dåke Magnolia treet mitt mellom to kule thujaer i den store brune avlange urna.
Ved sida av står ein Rhododendron og ein Søylejapankirsebær tre som skal plantast-når snøen forsvinn og motivasjonen kjem att!
Prinsessa har funne seg ein innesyssel: ho vevar☺
Skikkeleg konsentrert☺
Dette mottoet passar vel bra i desse dagar; når været spelar oss eit puss og babyen lar vente på seg...☺
Passar vel egentleg bra til alle tider, i alle situasjonar.
Viktig å leve kvar dag som den var den siste-ingen veit ka framtida bringer....
Idag vert det innekos og inneaktivitetar.
Håpe alle har ein fiiin lørdag♥

fredag 23. april 2010

Storebror urna komt i hus☺

Her er storebroren til potta i dette innlegget. Måtte bere ha den☺ Fått sånn sansen for slike pokalpotter.
Tenker å ha den ute i sommar med ein litt stor hengande sommarblomst i-forslag??
Og når det vert høst vil eg ta den inn og ha ein pletter i luften i den-alt er planlagt, hehe☺
Viss eg ikkje skal kjøpe ein pletter i luften og ha i potta ute i sommar og??? Den blomsten likar seg jo veldig godt ute...
Foreløbig har eg sett det kunstige oliventreet eg kjøpte på bruktbutikken oppi urna.
Desse store lysestakane har eg hatt i dei store vindua med sofaen. Men etter eit litt ekkelt uhell med tente lys for nær liftgardina eg har der har eg flytta dei til spisebordet.
Forandring fryder-eg likte spisebordet slik det vart no vertfall☺
Fortsatt koseleg å tenne lys om kveldane. Når klokka bikkar 20 begynner det å mørkne sakte men sikkert og då er eg fram med fyrstikkeska☺
Ja so var det den ledningen til krystallkrona...TTT som de sikkert ser :S

Helg igjen☺
Er det ikkje deileg??!!
Her SNØA det idag!! Snakk om nedtur!! Annankvar dag med herleg vår og snø har det vore i det siste. Eit kvitt lag har lagt seg på bakken, og eg lika det IKKJE!!! Håpe det forsvinn fort slik at helga kan nytast med vårfølelse!!!

Idag er det 7 dagar til termin☺☺
Lurer på kortid vesle babyen har tenkt å komme ut.... Sist fekk eg 14 dagar før termin so føler meg nesten på overtid allerede, hehe☺ Men er fullstendig innstilt på at eg kan gå over termin denne gang sjøl om eg fekk før termin sist so prøver la vere å vente, kan bli ei laaaang ventetid isåfall. Den kjem når den kjem☺ Er bere so spent på ken "den" er, korleis "den" ser ut.....☺




God helg frå magen og meg til deg♥

torsdag 22. april 2010

Første gang, andre gang, tredje gang-solgt!!!

Denne koppen såg eg første gang i bloggen til Elisabeth. Syns den var utruleg søøøøt
Andre gang eg såg den var på Kremmerhuset, og syns då at den var endo søøøøøøtare
Dette var på fredag, og heile helga gjekk eg og tenkte på denne søøøøøøøte koppen
Tredje gang eg såg den var på mandag. Butikkdama fortalde meg at ho hadde solgt ca 15 sett av den berre den dagen.
Og frå no av kan eg sjå den so mange gangar eg vil heime i mitt eige skap-for då klarte eg ikkje la vere å kjøpe den søøøøøte koppen
Eh.....kjøpte faktisk to sett :S .....☺.....
Har den ikkje berre det søøøøøøtaste mønster???!!
☺Kremmerhuset, 69 kr for heile settet☺
...fins i grønt og, men eg er jo ei rosa jente...☺

Idag er det tilbake til nesten høst/vinter her :(
Overskya, småregn og litt snø i lufta ser det ut som.
Og eg som var tenkt meg ut å plante rhododendron, magnoliatre og søylejapankirsebærtre eg kjøpte på Plantasjen i går...buhuuu...
Kanskje du har fått vårværet vi hadde i går??
...og som eg håpte fortsatt var her idag...
Nyt det isåfall☺

onsdag 21. april 2010

Blomster frå min kjære♥

Heldige meg fekk nydelege rosa tulipanar frå min kjære
♥Superglad i deg min elskede♥

Og Bjørg; eg fekk dei mens eg venta i bilen..trengde ikkje verken hive dei oppi handlekorga eller hinte sjøl eg, hihi☺☺
Neida, bere tulla..kjekt å få blomster-uansett korleis dei vert gitt☺


Idag er det ein nyyyydeleg dag her♥
Tar turen til Plantasjen og kikar på trær og planter. Forhåpentlegvis vert det eit Magnolia tre med heim, er visst vekas plante på Plantasjen.
Merkar at lysta til å styre med uteområdet aukar i takt med gradestokken☺
☺Nyt dagen alle sammen☺


tirsdag 20. april 2010

Magnolia tre i urne??

Eg ynskje meg so veldig eit Magnolia tre. 
bildet er henta frå AstrologenKari.no 

Er det nåken som har erfaring med å ha desse i urner?
Eg har ikkje plen eller bed i hagen min, kun treplattning.

Har du tips til andre trær som kan egne seg i urne??
Rhododendron i urne kanskje???
Hjortesumak???
Japansk Kirsebær tre???

Ser for meg fleire grupper med store og små urner, med både store og små planter som kan lage eit triveleg miljø på verandaen min☺

mandag 19. april 2010

Blomsterurner

Bohus har desse kjempefine urnene til ein fin pris!☺
Dette er den minste
-men trur jammen eg må ta turen imåra og kjøpe to større og, fine å ha både ute og inne☺


Her er min kjære og min bror i gang med å ta vekk rekkverket i trappa slik at nye ferdigmalte panelplater kan komme på plass☺
☺Me like☺
Rotete mens det står på, men skal bli bra til slutt☺

Håpe alle har hatt ein fin start på veka☺
Eg er på bedringens vei etter ein forkjølelse i helga. Akkurat no håpar eg vesle babyen ventar litt med å komme ut slik at mammaen vert i litt bedre form.
Men det bestemmer den vel sjøl☺

Håpe vårværet er bra hos deg...dårleg med det her vertfall :( Snø og regn prega helga, men vore litt bedre idag. Motivasjonen vert ikkje på topp når det er 10 cm snø i APRIL!!!

♥Fortsatt fin veke til alle sammen♥

....Og håpe alle askefaste snart kjem seg dit dei skal.....