Her er rommet til prinsessa slik det har sett ut sidan i januar.
Gipsplater på veggane er veldig fint, men lite praktisk når ein har lyst å henge opp ting.
Senga fekk ho til 2 års dagen, gardrobeskåpet fekk ho til jul i fjor og nattbordet har eg kjøpt på bruktbutikken og pussa opp.
Lenge har eg sett etter finare seng til prinsessa.
Har visst ka slags type seng, men ikkje klart å bestemme meg.
For nokre mnd sidan fekk dei inn ei ny seng på Skeidar, til introduksjonspris.
Akkurat slik eg har villa hatt til prinsessa!!
Det som er so bra med denne er at du kan slå den ut til 160 cm seng☺
Perfekt for overnattings gjestar☺
So i dag har min kjære stått i timesvis og montert seng☺
Flinke mannen min♥
Har også hatt ferdigmalte panelplater på veggane.
Desse spikra pappaen til min kjære opp då foreldra hans var på besøk her i mai.
Kjempefint-og endeleg kan vi henge opp bilder, speil og hyller på veggane uten å vere redde for stygge store hull☺
So fint og koseleg det vart på prinsesserommet no♥
Her går det i rosa og kvitt☺
Englevingene passar på prinsessa når ho søv.
Bokstavane over senga er eg kjempefornøgde med!!
Veggord som eg vann frå Hilde Heimdal sin nettbutikk☺☺ Er kjempefornøgd, syns det vart veldig dekorativt over senga til prinsessa.
Hilde sin nettbutikk MÅ du ta turen innom, masse fint☺
Kan røpe at eg ventar enda ein pakke derifrå om ikkje so lenge-gleda meg, hihi☺
Putene med stjerner er kjøpt på KID og hjerte putene er kjøpt på IKEA.
Sengesettet og pleddet er også frå KID.
På bildet til høgre kan du helse på Bæsn.
Den bamsen fekk ho av pappaen sin den dagen ho vart fødd og den har sia då vore hennar beste venn♥
Den har ho hatt med seg kvar gang ho skulle sove eller når ho ville kose. ¨
Siste tida har den ikkje vore so viktig , og om ho gløymer den enten her eller hos pappaen får ho sove likevel.
Navnet fekk den fordi det var slik ho sa Bamse då ho var lita☺
Den har fått diverse "småsår" oppgjennom åra, til og med plaster har den hatt på☺
No gledar eg meg til prinsessa kjem att imåra etter ei veke hos pappaen.
Spent på ka ho vil seie☺
Ho veit ho får ny seng, men sist ho var her stod nye senga i gangen-i eska, den gamle senga hennar var satt på gjesterommet og ho sov på madrass på gulvet-nåke som forøvrig var ganske stas syns ho☺
Får tru ho like senga betre enn madrass på gulvet...hehe☺
No gjenstår det å ta resten av rommet-den delen bak kamera...☺
Når nåke er forandra får eg lyst å forandre heile rommet☺
Nåke skal malast, nåke skal ut av rommet og nåke er bestilt på nettet....☺
Håpe alle har hatt ei fin helg☺
Vi har bere vore heime.
Kosa oss med Elias, litt shopping, trilletur, god mat, snop, og litt husarbeid-som ein visst aldri kjem utenom...☺
Ny veke-nye mulegheiter!!