mandag 31. mai 2010

Dørskilt

For nokre veker sidan bestilte eg dørskilt hos
innflyttingsgåve frå eit vennepar
ho lagar dei finaste skilt
og eg er kjempeglad eg bestilte frå ho!!

Vart so koseleg på veggen ved ytterdøra no!
Tusen takk Veronica, kjempefornøgd med skiltet!!
Om du treng dørskilt, skal kjøpe ein innflyttingsgåve til nåken eller vil ha eit skilt til pynt;
eg anbefalar Veronicas skiltblogg!!

Sola skin frå blå himmel og det er herleg
Vi har trilla ein tur
og Elias sov lenge i vogna mens eg rydda og kosta utanfor inngangsdøra
og las ferdig siste boka i Twilight serien

Fuchsia er ein nydeleg blomst
med dei finaste lilla og rosa fargar
Har planta ein i ei urne frå KID
Håpe eg får den til og kan glede meg over den i mange år
Er vel overvintringa som kan by på ei utfordring

Ikveld skal prinsessa og dansekompaniet ha forestilling
Hennar første scene opptreden
Eg gledar meg masse
Blir stas for både mor og barn

Håpe alle har eit strålande vær
og nyter siste mai dagen

fredag 28. mai 2010

Nib utfordring-3 ting på ynskjelista

Nib har ei utfordring gåande:

Hadde det ikke vært gøy å se hva vi ønsker oss aller mest, jenter? Lag et innlegg om dine 3 absolutte favoritter; det være seg stoler, lamper, bord eller pynteting...

Eg syns det er kjempevanskeleg å velge kun 3 ting
men akkurat no er det desse tinga eg ynskjer meg mest og som vil gjere mest nytte for seg i vår heim

Jennylund lenestol frå Ikea
Å sitte her å lese ei bok, amme eller bere slappe av må vere herleg☺
(ein pall i samme serien vil stå framfor stolen☺)
Ei moraklokke er bere soooo fint!!!
Fått sansen for desse klokkene etter at eg begynte å blogge
og den passa bere so perfekt inn hos meg☺
(hadde nesten kjøpt ei lignande på Finn for 3 veke sia, men ei anna kom meg i forkjøpet
var det DU kanskje???☺)

Ein lekker kakkelovn!
I vinter når det var så kaldt bestemte vi oss for at til neste vinter skulle vi ha ovn oppe i stova!!
Her er det veldig høgt under taket so eg trur ein slik ovn hadde gjordt seg veldig her!

Som so mange andre syns eg det var vanskeleg velge kun 3 ting
Men desse tinga eg har valgt ut er ting eg har ynskt meg ei stund og kjem til å ynskje meg til eg har dei i hus
-her ska det vere eit smilefjes, men har berre ei hand ledig sia Elias ligg på den andre so klare ikkje trykke på to knappar samtidig....
-her ska det og vere eit smilefjes....


Spennande å sjå ka andre i blogglandia har øverst på ynskjelista!
Håpe alle har ein fin fredag!

torsdag 27. mai 2010

Værsegod sitt♥

Mine nykjøpte amerikanske dekkstolar er skrudd opp og satt på plass
Og eg er kjempefornøgd

Syns det vart mykje koselegare på terassen no

Vi har besøk av foreldra til min kjære frå Bodø
Og i skrivande stund held pappaen hans på å sette opp veggplater på prinsessa sitt rom
I går gjorde han ferdig veggplatene i gangen☺
Kjempekjekt med hjelp☺

Takk for helsingane til min kjæres 30 års dag☺
Han hadde ein fin dag med besøk av foreldra og tur på kinarestaurant☺

Akkurat no skin sola her
Men reknar med det kjem ei regnbye eller to i løpet av dagen.

Nyt dagen alle sammen☺

onsdag 26. mai 2010

Gratulere med dagen!!♥

Verdens beste pappa og kjæreste fyller
30 år idag
Vi er kjempeglade i deg
og håpar du får ein fiiiiin dag

tirsdag 25. mai 2010

Kan du gjette svaret???☺

Dagane går med til Elias kos, amming, byssing og andre baby ting
Vert dermed lite tid til maling, spraying, oppussing, pynting, fotografering og hageting
Men I`ll be back

Men ein ting har vi fått gjordt
Kan du gjette ka det er utifrå bilde her??
☺☺☺
Er ikkje heilt ferdig enno so kjem tilbake med eit bedre innlegg med finare bilder seinare☺

Vi har hatt besøk av søstra til min kjære og to av hennar barn i helga☺
Jenta hennar er like gammal som mi Anine og dei har leika masse og kosa seg i helga☺
Blomsterplukking har vore ein av tinga dei har kosa seg med..til glede for to mødre☺
Ein vakker bukett med Engsoleier(?)


På sjølvaste nasjonaldagen klarte eg det heilt store
Mitt kjære speilreflekskamera datt i asfaltgulvet i garasjen
og virkar ikkje :(
Det er til reparasjon no
Men får det ikkje att på ca 1 mnd :(
So no brukar eg digitalkamera
Men syns ikkje bilda blir like fine
Savna Canon EOSen min

Håpe alle har det bra og at været er litt meir stabilt der du er enn her
Vi har sol regn og litt hagl i løpet av samme dag
Men gir ikkje opp håpet om sommar og sol og varme

lørdag 22. mai 2010

Award

☺☺Jippi☺☺
Eg har fått ein award frå Bjørg og Åshild
☺☺☺
Tusen takk-alltid kjekt å bli tenkt på

Med denne awarden følger ei utfordring om å fortelle 7 ting om seg sjøl.
Det har eg egentleg gjordt med ein award før-men eg prøver å finne 7 nye ting eg☺


Eg har for tida DILLA på krukker til hagen-jo større jo bedre!!! ☺☺
-so no har eg ein del urner ståande ute på terassen uten nåke i....☺

For tida er eg i svangerskapspermisjon med lille Elias Nathaniel som er 17 dagar idag☺
-so eg skal vere heime til neste vår og gledar meg til kvar dag☺

For 1,5 år sia fekk eg diagnosen MS
-men er heldigvis "frisk" per idag og kryssar fingrane for at eg held meg sympromfri i framtida også

Drømmer om å vinne mange millionar i Lotto
-men spørs om det ikkje hjelper å levere inn ein kupong først??
....er de fleire enn meg som syns at det er "eldre" folk som vinn millionane???....

Og mens vi er inne på drømma....
min drøm er å starte ein interiørbutikk
-men om byen eg bur i er rette plassen for den typen butikk eg ser for meg er nemmen ikkje sikkert

Mislikar kaffi
-men elskar te♥

Då eg var tjue hadde eg denne planen for dei neste 10 åra av livet mitt: skulle gifte meg når eg var 24, få ungar når eg var 25, 27 og 29 og klippe meg kort når eg vart 30☺
-planar slår ikkje alltid til; eg blir 30 i september, håret mitt er fortsatt laaangt, er ikkje gift, fekk prinsessa når eg var 24 og prinsen når eg var 29.
☺Men livet er flott likevel☺


Er sooo mange fine blogga som eg les kvar dag og som gir meg masse inspirasjon, skulle gjerne sendt denne awarden vidare til alle, men denne gangen velger eg å sende den vidare til desse nydelege bloggane;



☺Ynskjer alle ei super pinsehelg☺  
Vi får besøk av søstra til min kjære, hennar eldste datter-som er like gammal som prinsessa mi-og hennar yngste son som er 9 mnd gammal
☺gleda oss☺

fredag 21. mai 2010

Maison Belle

I går, i finværet, tok meg, min kjære, Anine og Elias oss ei lita utflykt til nabobyen Florø.
Vi gjekk på cafe, spaserte rundt i sola og sjølsagt litt shopping☺

Eg kjøpte meg blandt anna denne kjøkken sprayen frå Maison Belle.
Aldri hatt Maison Belle produkt før so glede meg til å prøve den ut☺
Nåken som har erfaring med denne??
Eller andre MB produkt??


Været er heilt nydeleg for tida☺
Eg prøver å få gjordt litt ute i hagen..
..ikkje alltid like lett med ein 16 daga gammal baby som vil ha sitt til tider
Vaskar klær på harde livet gjer vi og-er jo so deileg henge dei ut☺
....til tross for pollenet som dansar rundt ute :S

Men no må eg avslutte-ein svolten liten kar som nett stod opp

Håpe du har eit strålande vær og nyter dagane i sola
Ja, og so er det jo helg☺☺
Kan det bli bedre?
☺☺☺

onsdag 19. mai 2010

Pakke i posten☺

Var so heldig å vinne ein give away hos Renate for litt sida
og i går kom pakken☺
Ikkje bere var den nydeleg innpakka men det søøøtaste kortet låg ved☺

Og premien er ei lampe frå Aslaug Holm.
Heldige meg eller??
☺☺
(har ikkje fått montert den enno so viser bilde frå bloggen til Renate)



Tusen takk Renate!!
Ein kjempefin premie☺
Glede meg til å montere og henge den opp☺



tirsdag 18. mai 2010

Sommarblomster endeleg på plass☺

Her kjem eit bilderas av sommarblomstene eg kjøpte på Plantasjen 16 mai.
Bilda er nett tatt, og som de ser er det nyyyydeleg sol her idag☺













Kjøpte meg også to kjeglebuksbom på tilbud på Plantasjen.



♥Mammakos♥

Håpe været har vore bra der du befinn deg og
og at du får ei strålande fin veke
☺☺

mandag 17. mai 2010

17 mai er over for i år

17 mai 2010 er over
og det har vore ein roleg fin dag☺

Elias og pappa er klar til å gå i tog☺
Elias Nathaniel sov seg gjennom toget som vi gjekk i ilag med Anine Madeleine, og han sov seg gjennom rømmegrauten.
Etterpå, sidan Anine er hos pappaen sin, reiste vi heim og slappa av litt før vi besøkte eit vennepar.
Det regna på formiddagen, men utover dagen letta det og på slutten av kvelden kom jammen meg sola fram.

Her er meg og Elias på veg i bilen for å køyre heim og slappe av.

Prinsessa trillar stolt veslebroren i toget☺

Ute har eg pynta med ballongar i nasjonalfargane og flagg.

Håpe alle har hatt ei strålande 17 mai feiring
og
er klar for ei ny veke

Gratulere med dagen Norge

Ja vi elsker dette landet
som det stiger frem
furet værbitt over vannet
med de tusen hjem
elsker elsker det å tenker
på vår far og mor
og den saga natt som senker
drømmen på vår jord
og den saga natt som senker
senker drømmen på vår jord


Har pynta litt til 17 mai.
Lys, ballongar, flagg ute og inne...


...og nydelege 17 mai blomster frå min kjære.

Seint 16 mai ser det slik ut på spisebordet mitt☺

Har også vore på Plantasjen og handla inn sommarblomster som pyntar opp ute☺
Men det får bli eit anna innlegg☺


Vil ynskje alle i Norges land ei kjempefin feiring av nasjonaldagen

Gratulere med dagen

Hipp Hipp Hurra