mandag 16. februar 2009

Love is in the air..


valentinesday er over. meg og kjæresten min kosa oss med biff middag, levande lys og ei flaske rødvin.

gåver hadde vi og kjøpt til kvarandre. veldig overaskande for min del faktisk, hadde ikkje tenkt at han kom til å gjere det :) vart kjempeglad!! eit nydeleg hjertesmykke med diamantar på.

.....eit dårleg bilde, men sånn ser det vertfall ut :) og eg vart utruleg glad, snille kjæresten min <3


han fekk ein praktisk og ein søt liten pakke av meg :) vi har i lang tid gått å snakka om at det er så varmt å ha pcn på fanget og at det er farleg mtp stråling..men ikkje gjordt noko med det. men her ein dag eg var på ting fann eg dette laptop underlaget og kjøpte det til han, på kid fann eg denne søta lille puta, bere måtte gi han den :) og eit kort selfølgeleg :) eg er fan av kort! fekk ikkje laga eit sjølv i år so vart eit kjøpt valentineskort, men det gjorde susen det og :)



og det kan brukast til so mangt, til å ha pcn på eller rett og slett som bord på fanget, med eit blad og te koppen eller frukosten :) godt var det vertfall å ha! kanskje eg lyt ha meg eit eg og :)

idag kom endeleg min lille prinsesse att til meg etter ei veke hos pappaen. alltid like godt sjå ho igjen og gi ho ein klem! no har ho lagt seg. imåra skal ho til tannlegen og bore eit hol :S kvir meg litt, men det går nok bra. blir godt med ein fridag imåra, har ikkje hatt det på ei stund. skal bere kose meg ilag med prinsessa!

vert enno ei tv laus veke på oss...grrr!! strømkabelen som han i canal digital meinte var øydelagt var ikkje øydelagt likevel. so å vente på den ei veke var forgjeves. no skal dei sende ny tuner, so må vente over ei veke til. håpe det vert ordna denne gangen!

ynskje alle ei god veke!!

Klem :o)

3 kommentarer:

Anonym sa...

kjempe flott smykke:) heldi du

Anonym sa...

Haha
:-)
Stråling fra PC på fanget høres ut som en klassisk J bekymring.

MarnyAlice♥Kalas Mystiske Hjørne sa...

hehe :o) det stemmer nok det. ein daglegdags ein og, nesten! men no er problemet løyst :)