mandag 12. januar 2009

Jula er rydda ut...

litt bilder etter at julepynten er lagt vekk for denne gang....






...og sølvet er komt inn. med det meinar eg at eg har fått dilla på sølv, ikkje bere dilla men DILLA!!! eg saumfarar butikkar, både på internet og i butikkar i førde. kjøpt meg lysestakar og ein rund sølvvase, og fekk ei lanterne til jul i ein sølvlignande farge. på internet har eg kjøpt M og J sølv-bokstavkrokar.
det eg manglar, og ikkje finn, er eit stort sølvfat kor eg kan sette lys på og eit stort sølvspeil.
det var godt og trist på samme tid å rydde all den fine julepynten ned i kassa og stue det vekk på boda. trist fordi eg likar jula og fordi det er eit år til neste gang. og tanken på at alt det fine eg har ska ligge i mørke kassar og ikkje bli satt pris på før neste desember.
men godt å få tilbake golvplassen og kjempekjekt å få plass til det nyinnkjøpte. :)

no sit eg og min kjære og drikk te, han les avis og eg skriv blogg. vi skal sjå ungkarskvinnen no. vi likar begge to å sjå på det.

ha ein romantisk kveld alle sammen :)

2 kommentarer:

Anonym sa...

hmmm veldi fin den glovstaken me kubbelyset på:) *hint hint*

Anonym sa...

den e kjempefin :) skal bort snart å sjå om dei ha ein til.