mandag 1. desember 2008

Adventstid











nokre bilder frå då vi hadde den koselege snøen i slutten av november.

det er 1 desember. kosar meg framfor tv`n og god morgen norge med firda, ein kopp te og adventslys. eg likar desember. alle dei koselege førjulsforebuingane. lysa som gir so finstemning, både i vindua og i trea ute. mate småfuglane. pakke inn julegåver og adventsgåver, til store og små. meg og J lagar adventskalendar til kvarandre i år. ei lita gåve annakvar dag. vi er nesten like oppspilt som anine er over sin julekalendar :)


i går, første søndag i advent, var meg, anine, johan og bror min til bergen. først ein obligatorisk tur til mcdonalds, so var vi på ei fantastisk koseleg forestilling i grieg hallen: putti plutti pott. vi kosa oss, store og små. kjekt å sjå kor anine levde seg inni og sang og klappa til historia, sangane og skuespelarane. etterpå besøkte meg og anine pepperkakebyen. mange flotte pepperkake hus frå ulike plassar i bergen. anine var mest interesert i toget og at ho fekk seg ei pepperkake :)

på lørdag er det julebord med jobben. ein årleg tradisjon. kjekt å kunne samlast med kollegaane. vi er ein artig gjeng som har det veldig kjekt ilag. gledar meg. spesielt i år sia eg har vore vekke frå jobb i to månadar. men i år bryt eg tradisjonen litt og ikkje et julemat på julebordet. eg har bestilt pepperbiff. koffor veit eg egentle ikkje, kan vere fordi eg har ein kjæreste som har planar om å ete julemat ofte før jul og i redsel for å gå lei før julafta kjem vel eg å prøve nåke anna.

no skal eg pakke inn litt adventsgåver og skrive litt julekort. etterpå skal eg ned på jobb med adventsgåva til kalendaren vi har der. også ein tradisjon. det er viktig med tradisjonar. og eg likar å lage eigne tradisjonar i min lille familie :)


har du nokre jule tradisjonar eller forebuingar du vil dele her??

eg ynskjer alle ei fredfull adventstid.








3 kommentarer:

Anonym sa...

Første søndag i advent må eg berre rydde vekk alle blomstene i ei dobbelt vindu. Så kjem englekoret på plass. Dei er røde og har forsjellige uttrykk. Har stjernehimmel over og røde lys. Det er so fint om kvelden. Etter kvart har det komme nokre andre englar til:) Kvite? Kjøper englar når eg er ute å reiser. Hadde med ein frå Spania no:) Elles er det adventstjerna av tre? som har følgt oss frå første jula i 1971:)Frå 2000 må eg ha den 7arma el.adventstaken(mamma mi sin)i kjøkkenglaset.
Kvar dag tek eg fram og pyntar med slike ting som har følgt meg i mange år. (mange kassar:) Og så har eg fått alt fram til siste søndag før jul. Treet blir pynta med tradisjonspynt(har 4 kuler frå mi barndoms jul) Tradisjon er viktig:)for meg:)Og når barn og barnebarn kjem på besøk ser dei om mamma har fått opp alt:)
Ha ei fin førjulstid Marny og kos deg:) Klem

blåklokke sa...

Det var frå blåklokke:)

Anonym sa...

so mange koselege tradisjonar blåklokke :) det er nok skikkele julete heime hos deg i desember :)