søndag 30. oktober 2011

Favoritt ting frå Hviit

Nokre av favorittinga frå den fine nettbutikken Hviit.no




Lyst på alt eg☺

Her er det Alt for Norge på tv og avslapping de lux!☺

Klem

lørdag 29. oktober 2011

Brudekjole ras☺

Eg skal jo gifte meg med mannen i mitt liv neste år
og brudekjole er jo sjølsagt ein ting eg tenker ein del på.
Den ska jo liksom vere perfekt☺
Og det er jo so mange å velge mellom!









....bilde frå jkdress.com....

Glede meg til brudekjole-prøving med mine to fine forlovarar☺
Blir spennande☺

Klem

fredag 28. oktober 2011

Folkets Ikea katalog

....er på nett☺
Kjempemorsomt å sjå bilde sitt der☺


Du kan sjå den her på Ikea sin eigen blogg: Livet hjemme.
Dette er ein blogg der du sjøl kan dele dine innredningstips og inspirasjon.
Eg held på å registrere meg der; bli med du og☺

God helg kjære lesar☺

Klem

torsdag 27. oktober 2011

Fyrverkerikasse med nytt bruksområde

For ganske mange mnd sia fann eg denne kassen heime hos pappa&mamma.
"Den må jo kunne brukast til nåke" tenkte eg sjølsagt☺
Pappa tok den med seg etter ei nyttårsafta for eit par år sia, han fann den på eit jorde heime.

No har den stått oppå garderobeskåpet til ungane sia den tid, planen var på ha den på Elias sitt rom.
Men han har ein hønepappa som ikkje er klar for å la Elias få sitt eige rom enno☺ so den har stått ubrukt.

Etter eit lite stilskifte i stova; frå kvitt og romantisk til litt meir kontrastar og rustikk interiør kom eg på denne kassen igjen.



PERFEKT til å ha interiørblad i☺
Don`t you think?☺


Digga egentleg kontrasten med svart mot grått og kvitt☺


Passar jo bra med teksten: keep fire away også her-vil helst ikkje at fine blad skal gå opp i røyk☺


På tide å fyre i ovnen og nyte haustkvelden med levande lys og to nye interiørblad som kom i postkassa idag☺

Klem

onsdag 26. oktober 2011

ROLIG det ordner seg

Eg har også kjøpt meg ROM123 der desse fine korta var med.
Motivasjon i kvardagen☺


Hengt opp med Washi tape-denne fine altmulig tapen☺


Her er det luksusfellen-tenk at det går an å rote det sånn til økonomisk... Men sikkert ikkje så lett å sette seg inn i den vonde spiralen dei kjem ut for for oss som ikkje er i ein slik situasjon.
Held også på å føre over bilder frå den øydelagde pcn til minnepenn. LIVREDD for at slikt skal gå tapt.

Nyt kvelden☺

Klem

mandag 24. oktober 2011

I ♥ this!

Betongtapet!
Den får 10 hotnesspoeng på interiørelskernes skala i dagens Dagbladet
Ja takk til denne i mitt hus☺
Designa av Tom Haga.




Ka du meina? 
Liker?
Liker ikkje?

No er det jakten på kjærligheten,
så er det ungkarskvinnen.

Gratulere også til meg og min kjære med 4 år som kjærestar♥
Tenk at det er 4 år sia eg tok fly nesten heile Norge på langs for å treffe ein kjekk kar eg kun hadde snakka med på msn og mobil....☺
Gjekk jo bra det☺☺

Klem

søndag 23. oktober 2011

Borddekking til prinsessa sin 7 års dag☺

Ei helg med feiring for 7 åringen vår er over♥
Kjempekoseleg, men også litt travelt å feire bursdag i 3 dagar til ende☺
Fredag var det vår lille familie som feira med å ete pizza på Dolly og kose oss, laurdag var det ungane i nabolaget først og eit vennepar etterpå og idag var det besteforeldre og ein onkel som var her på middag og kaker.


Her kjem eit bilderas frå borddekkinga☺
Det gjekk i råsa☺









Muffins med den godaste smørkremen-som eg måtte google fram i all hast då eg hadde blingsa med antall dl vatn i den toppingen som var med toro pakken☺ Men kjem nok til å lage denne neste gang også☺


Ei bursdagsjente som glede seg til selskapet skal starte♥




Ny veke-nye mulegheiter☺
Har di helg vore fin?

Klem

torsdag 20. oktober 2011

Fotokonkurranse-et barn er et lite menneske


Med dette bildet deltar eg i Øyeblikk sin fotokonkurrranse.
Min første ever☺
Spennande☺


Klem