onsdag 30. november 2011

Utfordring: Ynskjeliste 2 frå Hviit.no

MÅ berre bli med på Hviit si juleynskje liste utfordring igjen!☺
Delta gjerne du og!☺
Denne gangen har eg laga ein kollasj av nåke ein kanskje kan kjøpe i venninnegåve☺



Adventskalendaren til prinsessa er hengt opp og pakkane er klare.
No er det seinvakt!
Har også hatt eit kjekt besøk idag......☺

Klem

mandag 28. november 2011

Adventspynting

Eg har so smått begynt å pynte litt til jul☺
Har ikkje den heilt store julefølelsen, men regne med den kjem med pynting, julemusikk og etterkvart baking og andre juleaktivitetar☺

Et fat har blitt fyllt med lys, svibel, sølvkuler og pongpongar(?) som eg laga i fjor☺



To falske kransar på vitrineskåpet og eit ekte☺ lite tre i gangen☺


Og sjølsagt julestjerne og adventsstake☺


Litt meir fake granbar...☺
Denne heng på trappegelenderet. Har pynta den med sandkakeformer eg har limt vintagebilder på og eit sink skilt☺


Glede meg til juleinnlegg frå fine bloggar framover-gir julefølelse det og☺
Eg tar ting litt og litt og prøver å kose meg masse☺
Men no er det seinvakt som står for tur so må skynde meg å rydde og pynte litt meir☺

Korleis ligg du an i julestria?☺

Klem

mandag 21. november 2011

Utfording: Ynskjeliste frå Hviit.no

Bloggen til den fiiiiine nettbutikken Hviit.no utfordrar oss til å vise ynskjelista vår derifrå.
Kan delta med ei utfordring pr veke☺☺
Her er mi ynskjeliste til meg sjøl☺☺☺









Legg igjen di ynskjeliste her og delta du og☺

Klem

søndag 20. november 2011

Makabre bilder?

Etter ei helg på hyttetur har roen senka seg i heimen-sjøl om baggasjen fortsatt står i gangen ;)
Pizza på bordet, fotball på tvn og blogging på meg-ekje so verst det☺☺

Tenkte eg ville vise fram dei nye kule bilda mine☺
Kjøpt hos Faux Kiss på Etsy-utruleg kor mykje fint som er der!!☺ 


Eg syns desse er SÅ TØFFE!!!☺
.....min kjære syns dei er makabre, hehe☺ Kanskje ein må jobbe med slike organ for å kunne finne på å ramme dei inn å ha dei på veggen☺☺
Men hos Faux Kiss er det kjempemange forskjellige motiv so der er det berre å velge å vrake☺


Ny veke, nye mulegheiter☺
Eg begynner veka med to nattevakter. 
Tenkte det passer fint å gå gjennom adventsdekorasjonen eg har også-er jo berre ei veke igjen no☺ Blir kjekt!☺

Nye veka alle sammen☺

Klem 





onsdag 16. november 2011

Ny sofa☺☺☺

På mandag fekk vi hjelp av ei super venninne til å hente sofa på Ikea☺
Ho streva vel å lenge med å få den inn i bilen stakkars...men det var jo verdt det hihi☺☺
Vi er vertfall STRÅLANDE fornøgde med å ha fått oss sofa etter ca 3 mnd uten...☺
Det er ein Ektorp hjørnesofa med svanby grå stoff. 


Har ikkje fått ordna bak sofaen enno; hylla skal midt på 3setaren-evt takast vekk og erstattast med bilder; klare ikkje å bestemme meg-og 2 lamper skal opp på kvar ende. Dei ligg klar☺ Må bere få flytta hylla først☺


Litt detaljbilder☺
Elska dei strikka lyshettene mine, hihi☺


Slik såg denne delen av stova ut på mandag☺
Lika den lufte følelsen, men veldig godt å endeleg ha sofa☺


No er det te og siste BoligPluss☺

Klem

søndag 13. november 2011

Farsdag♥

Gratulere med dagen alle pappaer!
Elias har laga verdens finaste kort i barnehagen til pappen sin♥
Kl 10 for vi ned på soverommet med kort, pakke, frukost og kaffi til han☺



No er det litt kake før eg fer på seinvakt.
Håpe alle får ein fiiiin farsdag☺

Her kan du sjå farsdagshelsinga i lokalavisa☺

Klem

lørdag 12. november 2011

Bloggutfordring: Lysfat☺

Maia utfordra oss til å vise fram lysfatet vårt☺
Akkurat no ser mitt slik ut, det står på spisebordet☺
Enkel haustleg stemning☺


Te lys frå TineKhome, kremmerhuset, ting, lysestakar frå bruktbutikken-spraya kvite, lyng frå rema 1000 og horn frå bruktbutikken☺


No er det kjærestekveld med biff middag og skal vi danse♥

Nyt lørdagskvelden☺

Klem

fredag 11. november 2011

Bryllup og kvardag

Bryllupstankar-igjen.
Hårfrisyre denne gangen.
Har du sett ein fin bryllupsfrisyre so vis meg den gjerne☺




Pintereset.com

Eg har arbeidshelg denne helga, begynner med seinvakt idag.
Er nett ferdig med eit maleprosjekt-glede meg til å sette på plass møblane igjen og pynte litt☺, no skal eg rydde litt før eg gjer meg klar til jobb. 
Kanskje eg rekk å kjøpe farsdagspresang før jobb også....☺

God helg alle☺

Klem