For ganske mange mnd sia fann eg denne kassen heime hos pappa&mamma.
"Den må jo kunne brukast til nåke" tenkte eg sjølsagt☺
Pappa tok den med seg etter ei nyttårsafta for eit par år sia, han fann den på eit jorde heime.
No har den stått oppå garderobeskåpet til ungane sia den tid, planen var på ha den på Elias sitt rom.
Men han har ein hønepappa som ikkje er klar for å la Elias få sitt eige rom enno☺ so den har stått ubrukt.
Etter eit lite stilskifte i stova; frå kvitt og romantisk til litt meir kontrastar og rustikk interiør kom eg på denne kassen igjen.
PERFEKT til å ha interiørblad i☺
Don`t you think?☺
Digga egentleg kontrasten med svart mot grått og kvitt☺
Passar jo bra med teksten: keep fire away også her-vil helst ikkje at fine blad skal gå opp i røyk☺
På tide å fyre i ovnen og nyte haustkvelden med levande lys og to nye interiørblad som kom i postkassa idag☺
Klem
♥