lørdag 30. juli 2011

Loppemarked i København

DÅRLEG med blogging frå meg for tida :(
Forma er ikkje på topp-ein kjiiip sommarforkjølelse-og vi held på å male hus og so har vi gjordt ferdig eit inneprosjekt og☺ 

I København, forrige veke, var vi på loppemarked☺
Veeeeldig lite-sannsynlegvis pga været, men eg fann meg ei gammal kuleramme☺
Syns den var so søt☺


....og heldige selgaren som kom ut for ei som gløymde at på loppemarked prutar vi....
ifølge min kjære gjorde han high five med kompisen sin etter handelen med meg hehe
jaja; hugsar det neste gang!!☺

Dette var eit lite livstegn frå meg ein varm sommardag♥
Tilbake til maling og rydding av huset.
På mandag går turen nordover-til heimplassen til min kjære.
Usikker på om det blir blogging då...men håpar på litt mobil blogging☺

Håpe alle har det bra!☺
Og får fiiiine dagar framover☺

Klem

søndag 24. juli 2011

Ribba og Søndrum på veggen


Vi er kommen heim etter nokre fiiiine dagar i vakre København♥
Dessverre var ikkje været so bra-men bra nok for shopping....☺
Skal komme tilbake til litt forskjellig kjøpt i Køben, må bere få organisert litt og tatt bilder.

På vei heim stoppa vi på Ikea Åsane. 
Kjøpte meg denne bildelista og to søndrum rammer. 
Lista er komt opp på veggen over slagbenken. 


Inni rammene er det bilder av Elias sin forbokstav og årstid han er fødd.
...huske dessverre ikkje kor desse er kjøpt...
kan prøve å finne det ut om det er av interesse




Her står TVn på nyheitene-TRAGISK det som har skjedd i Oslo og Utøya. 
Finn ikkje ord.....
Ubegripeleg.

Ta vare på kvarandre
Klem

fredag 15. juli 2011

Date med vaskebøtta

God helg!

Klem M
post signature

Ser du kor eg skal?☺

Meg, min kjære og Elias skal på ein liten ferie♥
Ser du kor vi skal?


Og har du tips til attraksjonar/butikkar vi berre MÅ besøke i denne fine byen?☺

No er eg klar for ferie☺
Ei ekstravakt på lørdag igjen før heile familien kan nyte 4 herlige veker ilag-dvs Anine skal vere hos pappaen dei to første vekene, men ho kjem til oss dei to siste☺

Har/har du hatt du ferie?
Og har du ferieplanar?

Vi skal-i tillegg til denne turen- til Bodø, min kjære sin heimplass, og male huset vårt innimellom☺ Ny farge i år-spennande å sjå når alle i burettslaget er ferdige å male☺

Klem

tirsdag 12. juli 2011

Fotoshoot av Elias prinsen♥

Vår herlige lille prins♥
Som vi er så uendeleg glad i♥


Er ein ordentleg tøffing☺
Som gir oss masse glede♥


Ein liten fotoshoot i sofaen her om dagen som gir oss minner for livet♥


Klem

lørdag 9. juli 2011

Nye lamper☺

Nye lamper er bestilt frå Ellos



Litt usikker på gulvlampa, eg får sjå når eg får den-kanskje eg returnere den....
Glede meg til å henge opp vegglampene☺
Usikker på kor eg skal ha dei..har litt andre planar i stova som burde vore gjordt FØR eg henger opp lamper...

Eg er nett stått opp!
-har vore på nattevakt so då er eg vel unnskyldt...☺
No er det seiiiiin frukost, og avslapping til neste vakt.

Ha ein super lørdag☺

Klem M

fredag 8. juli 2011

Kvernsteinsrock i heimkommunen min♥

Hyllestad kommune-min heimkommune-feira i år 150 år☺,
og i den forbindelse vart det arrangert ein storstilt feiring☺
Hyllestad er ein kvernsteinskommune og derav navnet kvernsteinsrock.
På dagen var det omvisning i kvernsteinsparken, 
og på kvelden var det konsert med Erik&Kriss, Stella Mwangi, Eva and the heartmakers og TNT☺

Meg og prinsessa hadde billett til konsertane og vi gleda oss masse☺
Her står vi i kø for å komme inn☺
...etter dagar og dagar med regn viste været seg frå si beste side lørdag 2 juli☺


Gledar oss til konsertstart☺
Først ute var Erik&Kriss☺
Kjempebra show og super musikk☺


Litt slitsomt for små føtter å stå lenge, og litt kjedeleg med pause...☺
Då er det godt å sette seg ned å gjere....ingenting☺



Prinsessa klappar til Stella Mwangi☺
Ho venta på Haba Haba☺
Og dansa med då den kom☺



Ein liten chipspause måtte til☺


Mor&datter storkosa seg☺



Ein liten dans med fadder Bergljot☺




Då vi for heim oppdaga vi desse jentene som stod utanfor ungdomsskulen.
Det visste seg at artistane oppholdt seg her☺
Og vi stilte oss opp med dei i håp om å treffe Stella.


Og jammen kom ho☺
Ei kjempefornøgd jente som lånte ut pennen sin til Stella for ingen andre hadde☺



Lille prinsessa vart ståande midt inni ein flokk med jenter som var ville etter Stella...


Ho fekk autograf på armen sin-blokka ho hadde med låg att i bilen :( - og klem av Stella☺
Stolt jente☺


Bilder frå vakre Hyllestad☺
Her er fjellet Lihesten.


Og her er kirka der eg er døpt og konfirmert☺


Då er det helg igjen☺
Eg har nattevaktshelg so skal bruke ettermiddagen på å prøve å sove og dagane til det samme, kjipt-men sånn er det i dette yrket☺

I helga er det Folkemusikkfestival her-skulle gjerne vert og sett på forskjellige artistar og folkelivet i sentrum, men vert nok soving på meg. 

God helg til deg☺

Klem

torsdag 7. juli 2011

Norges vakreste hjem

No kan vi stemme på Norges vakreste hjem 2011.
10 finalistar er trekt ut-kjekt å sjå at det ikkje er berre den lyse romantiske stilen som representerar konkurransen i år☺
Og veldig morsomt at fleire av finalistane er på blogglista mi☺

Sjå finalistane og gi di stemme her

Eg har funne min favoritt...trur eg☺

Eg glede meg☺


Fjorårets vinnar av Norges vakreste hjem, Helene frå Bergen med bloggen Frøken Jægers hus

Ikveld får eg eit etterlengta møbel i hus☺
Nåken som klare å gjette?☺

Håpe alle får ein fin dag☺

Klem 

søndag 3. juli 2011

Kveldskos

Heimelaga sjokoladekake til kvelds med prinsessa :)



post signature

fredag 1. juli 2011

Kva skjuler seg i den store runde kvite eska??☺

Hyllene på kontoret.
Ferdigmalte plater og hylleknektar frå Coop Extra.
Knaggrekke frå Skeidar. 
Herleg med god plass til oppbevaring.


Her er eit hint om ka eg samle på i den store kvite runde eska☺


Imåra går turen til heimkommunen min.
Meg og prinsessa skal på Kvernsteinsrock
Ho gledar seg til HabaHaba☺
Og været er meldt bra-endeleg!!☺

Håpe helga vert fin for alle☺

Klem