tirsdag 31. mai 2011

Peonar og familiens kunstnar :)

Peonar min kjære fekk frå kollegaane sine til bursdagen☺
Kjempefine!


Passa dei ikkje fint framfor bilde min kjære har mala vel??☺
Nesten dei samme fargane☺


Eg har to sjuke barn heime med meg idag.
Elias har hatt feber sia fredag, men er bedre idag.
Anine er forkjøla og slapp og orkar ikkje på skulen.

For første gang på ganske lang tid ser vi blå himmel her idag☺

Håpe alle får ein fin dag☺

Klem 

søndag 29. mai 2011

Tenk at ein kan bli so lykkeleg av fliser :)

Idag har eg og min snille bror flislagt i yttergangen☺
Endeleg!☺
Blir veldig fint ska seg sei dåke☺
Imåra er det fuging.


Har og vore i bursdag til super venninne Beate idag♥ Gla i deg
Kozeleg☺
No er det sofakos som er på planen.

Ny veke 
nye mulegheiter☺

Klem

fredag 27. mai 2011

Vårt midlertidige bord

Monica var nysgjerrig på vårt midlertidige bord; 
here it is☺


Ei bastkiste eg har hatt i mange år.
Brukt til oppbevaring av diverse ting.


Veldig praktisk, men akkurat no-eller når vi får det nye bordet vårt-har vi ikkje plass til den og eg kjem til å legge den ut for salg.


Helg♥
Ikveld er det sommarfest med fine kollegaer,
resten av helga håpa eg på flislegging av yttergangen.....☺


No ser eg reprisen av GMN-og venta på reportasjen med Mauela med bloggen Passion 4 baking


God helg♥

Klem

torsdag 26. mai 2011

Finaste.....♥

Gratulere med dagen verdens beste


Elska deg
og 
gleda meg til å bli din for alltid neste år☺

No skal eg lage fromasjen du ønska deg☺

Klem

onsdag 25. mai 2011

Ramme alvor! Og fromasj oppskrift

Ei ramme der glasset knuste er satt opp på ei hylle i stova-syns det vart veldig fint☺


Har sett tomme rammer bli brukt i interiøret i mange blogga, men følt at det ikkje blir so fint hos meg.
Men akkurat slik som her vart eg fornøgd☺
Fekk lyst å prøve meg med ulike tomme rammer på ein vegg også....☺
Etter salg av diverse møblar har eg fått ein vegg som treng litt TLC-må bere finne ut ka☺


Imåra har min kjære bursdag♥
Og han ønske seg fromasj-er det nåken som har ei oppskrift på det dei vil dele??☺

Minsten søv-no er det frukost og rydding på meg☺ ....er ikkje flink å ete frukost når eg står opp kl 0630.....må ha nokre tima på meg-sikkert veldig bra for kroppen☺

Ha ein fin dag☺

Klem

tirsdag 24. mai 2011

Sjokoladefondant♥

Kosar meg med heimelaga sjokoladefondant☺
Gode vart dei☺


Oppskrifta er Anine med bloggen Villa von krogh sin☺

Er vel fruene ikveld☺

Klem

Te og bruktkjøp☺

For eit par veker sia reiste min kjære og ein kompis på impulstur til Sverige-dei køyrde ca 10 timar, sov eit par tima, shoppa ein del i Nordby Shoppingsenter, køyrde 10 timar heimatt☺
Min kjære kjøpte desse fine og gode tetypane til meg der♥


Må vise den gamle(?) fine vekta eg kjøpte på bruktbutikken forrige veke-20 kr☺
Lurer på å sette den ut å ha blomster på den-men her har hauststormen komt so det blir lite med kosetid i hagen for tida. 


Eg nyter fortsatt ferietid og fine dagar med Elias♥
Håpe du får ein fin haust...eh eg meinar vår-dag ☺

Klem

søndag 22. mai 2011

Tine K home....

.....sine nydelege glass var endeleg komt inn i fargen eg ville ha hos HeidiBo.
Eit stort glass i grå og eit lite blankt. 
Og dei gir eit kjempefint lys på bordet når det er tent telys i☺


Her ser dåke også eit glimt av det midlertidige bordet vi har no etter at eg solgte sofabordet vårt.
Ei bastkiste-som også kjem for salg etterkvart☺


Idag har vi vore på open gard på ein 4H gard-i regi av dyrebeskyttelsen.
Vi fekk sjå lam-og gi dei flaske, ri på ponni, sjå kaniner, kose med hestar i stallen, vere med på natursti, høyre på eit "foredrag" frå ein veterinær om vaksinering av kattar og fekk heimelaga solskinnsbollar☺
Ein fin familiedag☺

Har du hatt ein fin søndag?☺

Imåra er det ny dag, ny veke og nye mulegheiter☺

Klem

lørdag 21. mai 2011

Solgt!

Då var sofabordet mitt solgt og henta!
Det går unna☺


Akkurat no har vi ei bastkiste som midlertidig bord.
Det nye bordet vi skal ha har min bror skaffa ein del til og pappaen min held på med resten...☺
Glede meg til å få det i hus☺

Her bøtta det ned med regn!
Vi har vore i bassenget og bada, no er prinsessa reist på overnattingsbesøk til ei tante, min kjære er på fotballkamp, prinsen søv og eg slappa av☺
Ikveld er det god kjærestemiddag og heimekveld♥

Ha ein fin lørdag alle sammen☺

Klem

torsdag 19. mai 2011

Møblar frå finn.no

Å legge ut "ønsker kjøpt" annonse på finn.no kan av og til lønne seg☺
Eg la ut ein annonse der eg ynskte å kjøpe eit gammalt skap, eit bord med løveføtter og eit hjørneskap.
Etter nokre veker kom det ein mail frå ein mann i Bergen som nett hadde lagt ut ein annonse der han skulle selge blandt anna eit hjørneskap til 300 kr.
Eg organiserte og styrte på for å få nåken til å oppbevare dette for meg-sia det er nokre timar til Bergen-og plutseleg hadde eg kjøpt eit hjørneskap☺


Men denne mannen frå Bergen hadde også eit klaffbord til salgs, 300 kr☺
Og det har eg jo og ynskt meg ei stund☺ Flaks hehe☺
So eg kjøpte bordet også eg☺


Og etter nokre på ein mellomstasjon i Åsane kom møblane til meg☺
No står dei i gangen min-der eg trur dei skal få stå permanent-og venta på å bli malt☺


Tusen takk til mannen frå Bergen som køyrde møblane til bror min sin kompis, 
tusen takk til bror min sin kompis som oppbevarte desse for meg i nokre veker,
og tusen takk til broren min som spurde kompisen sin om å oppbevare dei OG som faktisk køyrde og henta dei etter jobb ein fredag☺
Sånn er det å bu i ingenmannsland-blir ein reser på organisering☺

Idag er det øs pøs regnvær her!
Eg skal ete frukost og lese avisa no,
og etterpå skal eg vaske over eit møbel eg har solgt på finn som blir henta idag...☺

Enjoy your day☺

Klem

onsdag 18. mai 2011

Furuens revansj

Kjem furu til å bli "in" hos deg igjen??
Hos meg er det lite truleg-men eg skulle jo ALDRI ha verken brune eller vertfall ikkje kvite møbla på den tida eg hadde furumøblar...☺
Eg vil tru at furumøblane 2011 har ein litt anna form enn dei som var på 90 tallet, so kanskje mange heimar fell for den nye furu stilen.
Blir spennande å sjå☺

bildet er lånt frå bt.no.

I denne artikkelen kan du lese om eit arkitektektepar som aldri har følt for å male furuveggane i heimen sin.

No er det frukost og rydding som står på planen☺

Klem

tirsdag 17. mai 2011

17 mai er vi så glad i♥

Eit bilderas av vår 17 mai feiring♥
Den starta med tog kl 11-i både sol og regn, deretter god lunsj heime der vi åt pavlova kake til dessert før det bar avgårde til Anine sin skule for leikar, konkurransar, is, kake, pølse med brød og rømmegraut-som ingen av oss klarte å ete etter lunsjen....☺
Har kosa oss masse☺











 






No er det snart leggetid for dei små og meg og min kjære skal kose oss resten av kvelden♥
Håpe alle har hatt ein strålande fin dag til tross for litt ustabilt vær☺

Klem

Gratulere med dagen♥

Gratulere med dagen Norge


Her er det frukost og påkledning av bunadar som står på programmet☺
Håpe alle får ein strålande 17 mai☺

Klem

søndag 15. mai 2011

Denne lille kommoden "redda" eg frå eit liv som pinneved tidlegare i veka!
Vi har hatt container i burettslaget og der var det mykje fine brukandes ting som vart kasta kan du tru!


Litt usikker på ka eg ska gjere med den..om den skal vere svart eller om eg ska male den.
Tenker at Elias ska ha den på rommet sitt-når den tid kjem☺

Såg også ein benk i containeren eg var tenkt å ha ute,
men sia eg ikkje er so tøff at eg bere går og tar ting, men ventar til kvelden har blitt sein og folk har komt i seng
var det nåken andre som tok den midt på lyse dagen, rett framfor nasa på meg!
Eg har lært; neste gang tar eg det NÅR eg ser det☺

Idag har meg og Elias kosta og rydda litt ute.
Tenkte eg skulle på Plantasjen ein tur om litt og kjøpe litt sommarblomster. 
Må jo pynte litt til 17 mai☺

Nyt søndagen du snille lesar☺

Klem