Årets første juleblomst er komt i hus.
Og eg har aldri vore so tidleg ute før!
Men har, som vanleg☺, blitt påverka av bloggverden der mange har skrive juleinnlegg i fleire veker allerede☺
Men med denne blomsten kan det jo vere lurt å kjøpe tidleg slik at den blomstrar til jul og ikkje langt uti januar☺
Ein amaryllis!
Og for første gang ein kvit ein☺
Har sett den i ei urne frå MesterGrønn og pynta med litt konglar rundt☺
Resten av adventspyntinga tar vi i helga.
Vi pyntar ikkje med raudt før lille juleafta so fram til då blir det lilla.
Har kjøpt med 2 nye adventsstjerner.
Glede meg til å henge dei opp☺
Men har egentleg lært at det skal bere vere ei stjerne i huset, for det fins jo bere ei julestjerne.
Er det nåke du praktiserar i din heim?
Er vel snart på tide at resten av julelysa vert sjekka om virka,
og få tak i adventsslys-er som vanleg ute i siste liten eg....☺
Hadde bere denne kjedelege forkjølelsen sleppe taket slik at eg orka å komme meg ut av huset!
Diverse småting som bør ordnast til søndag!
Nyt dagen alle sammen☺
Her er det ordentleg vintervær.
Klem
♥