Ååååå denne lille midt gangen er så vanskeleg å ta bilde av!!
Det ser bedre ut i verkelegheita also...☺
Då vi flytta inn her i fjor sommar var denne midt gangen som ligg i enden av gangen og mellom gjesterom og vaskerom trekvit frå topp til tå!
No er alt kvitt☺☺
Har igjen tak og gulv lister, male dørene og lampe i taket.
Har heile tida tenkt at denne gangen er perfekt til oppbevaringsrom...
På dette bildet er det eit lite garderobeskåp med ytterkleda våre som står i midt gangen...
Det har vi no sett ut i entreen.....(midlertidig)
...og fiiiiine Pax garderobeskåp med Birkeland dører frå Ikea er sett inn.
Skapet blir brukt til å oppbevare dukar, dyner, puter og sengetøy-me like☺
Så godt med litt system☺
Dukane er sortert etter ka dei blir brukt til; juledukar, sommardukar, haustdukar osv.
Øverst har eg tenkt å henge store finare dukar.
Manglar litt hyller eller trådkurvar i skapet til høgre, men visste ikkje heilt ka som vart best.
Er jo greitt med trådkurvar slik at eg kan dra dei ut å lett finne det eg skal ha, men i hyller syns eg kanskje at eg får plass til meir...
Må tenke litt på det☺
Er vertfall heilt supert å ha slike ting på ein plass, og frigjere plass i skjenk og kleskap til andre ting☺
Her hos meg regnar det på årets siste sommardag.
Men ifølge værmeldinga skulle det bli fint vær med temperaturar opp mot 20 grader framover-me like☺
Varmt om dagen-kaldt om natta
Er vel på tide finne fram litt varmare klede, og fyre i ovnen.
Forresten!!
Bur du i Hundvåg??
Kom over denne sofaen på Finn
Tenk kor fin den kan bli om den blir trekt om???!!!!
Og gratis!!!
Kupp!
Nyt årets siste sommardag
Klem
♥





