tirsdag 30. november 2010

Juletre på prinsesserommet

Prinsessa har pynta juletreet på rommet sitt☺
Kjøpte det ifjor på Plantasjen og 
gleda seg masse til å pynte det i år igjen☺


Kulene i alle mulege farga vi kjøpte ifjor har vi ikkje funne,
men desse som eg kjøpte på salg etter jula i fjor var mykje finare☺
Hadde egentleg tenkt å ha dei på eit tre sjøl, 
men prinsessa vart veldig glad då eg sa ho kunne få dei☺


Her er treet i all sin prakt☺
Kvitt og raudt!


No er det leggetid for små barn,
og ikveld er det Greys Anatomy for store jenter☺

Klem

mandag 29. november 2010

Adventsstjerna vår♥

Har kjøpt oss ny(e) adventsstjerner i år☺
På Coop Extra fann eg denne.
Stor og kvit
-slik som eg lika det☺


For første gang har eg to adventstjerner i huset også.
Har høyrt at frå gammalt av skal det bere vere ei adventsstjerne-for det finnes jo bere ei Betlehems stjerne!
Men so er det jo dette med symmetri å ta hensyn til då....
Likte det vertfall☺


Bilda er tatt søndags morgon, då eg og Elias stod opp, og søndags formiddag.

Idag kjem prinsessa igjen til oss♥
Gleda meg til å hente ho på skulen☺
Sola skin frå skyfri himmel,
men Elias er snørrete og hostar litt fortsatt so vi held oss inne.

Nyt dagen
og
håpe du får ei fin veke

Klem

søndag 28. november 2010

1 søndag i advent....

er igang
og det første lyset er tent

Her er hovud adventsstaken vår.
Enkelt og fin syns no eg



I år har eg laga meg to advensstakar,
blir inspirert av bloggverden☺

Juletrelys festa på eit fat frå bruktbutikken.


Syns også denne vart fin☺
Konglar og granbar blir nok mykje brukt denne jula☺
Og ei fyrstikkeske dekorert av meg☺


.....er enno ikkje heilt ferdig med pyntinga-kjøkkenet er langt frå klart, men eg ventar på julegardiner frå Ellos (som skal vere rett rundt hjørnet) so eg ventar med å pynte å vaske til dei er komt. 

Men vi kosar oss-årets første julemiddag i går, bere meg og min kjære♥
Idag skal vi lage oss gløgg,
og akkurat no er det Norge-Danmark i MøbelringenCup!
Kan det bli bedre??☺
Ein fin start på adventsstida

Er forresten kjempekoseleg å sjå bilde av alle dei fine adventsstakane rundt om☺

Nyt kvelden alle sammen
eg gjer

Klem

lørdag 27. november 2010

Koseleg lørdag♥ Og roleg adventspynting☺

Svibel er komt i hus☺
No kan jula bere komme....☺
Nesten vertfall...mykje gjenstår her før eg kan sei eg er fornøgd!
Ting står hulter til bulter, meir står på loftet.
Gulva er ikkje vaska.
Har ikkje bestemt meg for ka eg skal bruke og kor eg skal ha det.
Adventskransen er heller ikkje klar, adventsgåver er ikkje pakka inn.
Men eg tar det med ro, tar litt og litt. 
So blir det nok bra til slutt☺



Ikveld skal meg og sjærsten kose oss med årets første ribbemiddag♥
Gleda meg
Nyt kvelden du også


Til slutt eit lite tips om korleis ein steller med juleblomstene☺
denne og denne sida kan du lese om dei forskjellige plantane vi har i jula og korleis ein best muleg kan ta vare på dei☺


Klem

torsdag 25. november 2010

Leik med ståltråd

Eg har fått såre fingertuppar 
fordi eg har kosa meg med å lage småtterier av ståltråd
Etterkvart tenker eg å pynte desse med julete band, og kanskje charms og perler☺


Ser dåke at det er ei stjerne inni hjerteranka?☺

 

Her er babymat glas som er vaska, sett ståltråd på til oppheng og brukt til te lysestake.


I vinduer ser dåke min kjære som steiker vaflar til oss♥


Prøvde meg på ei krone-det var ikkje lett..
men dette er mitt første forsøk
og øving gjer meister
Har hengt ein kors charms inni.
Har bestilt mange forskjellige charms på ebay som eg kan bruke til forskjellige ting☺



Her er det kaldt som berre det.
Igår var ovn mannen her og såg på pipa vår-
no skal vi kjøpe oss ovn og ha oppe i stove☺
Gleda oss til det; både til å få det varmare men og til kosen som er med å ha ovn☺
...enno ein ting vi må lære Elias å ikkje røre☺

Ein dag igjen av veka so er det helg og adventspyntinga kan sette inn for fullt☺
Har du planen klar?
Eg har ikkje.....men det vert nok bra likevel☺

Klem

onsdag 24. november 2010

Gamle ting utanfor inngangsdøra

Eg har fått tak i litt gamle ting-ikkje ofte det skjer☺
(bortsett frå på bruktbutikken☺)

Eit vennepar har skifta vindu i huset sitt og eg var raskt ute med å sikre meg nokre av dei gamle vindua☺
Har fått meg to slike store og tre mindre.
Dette her tenkte eg skulle få stå ute og bli pynta med litt vinter/juleting etterkvart.


Nokre gamle hesteskor og ein gammal vask fekk eg kjøpt på finn.no.
Vasken skal hengast opp-har bere ikkje heilt bestemt meg for kor enno...


Utanfor inngansdøra ser det slik ut i skrivande stund.
Skal få rydda og pynta litt etterkvart som eg blir bedre i forkjølelsen min.


Idag skal eg ut å kjøpe meg lys til adventsstaken. 
Og litt anna stæsj vert det nok og☺
Får sjå ka eg orkar sia forma ikkje er heilt topp enno.

Men no skal eg vaske bad...ikkje det kjekkaste eg veit, men må gjerast☺

Klem

tirsdag 23. november 2010

Juleblomst

Årets første juleblomst er komt i hus.
Og eg har aldri vore so tidleg ute før!
Men har, som vanleg☺, blitt påverka av bloggverden der mange har skrive juleinnlegg i fleire veker allerede☺
Men med denne blomsten kan det jo vere lurt å kjøpe tidleg slik at den blomstrar til jul og ikkje langt uti januar☺
Ein amaryllis!
Og for første gang ein kvit ein☺
Har sett den i ei urne frå MesterGrønn og pynta med litt konglar rundt☺



Resten av adventspyntinga tar vi i helga.
Vi pyntar ikkje med raudt før lille juleafta so fram til då blir det lilla. 

Har kjøpt med 2 nye adventsstjerner.
Glede meg til å henge dei opp☺
Men har egentleg lært at det skal bere vere ei stjerne i huset, for det fins jo bere ei julestjerne.
Er det nåke du praktiserar i din heim?

Er vel snart på tide at resten av julelysa vert sjekka om virka,
og få tak i adventsslys-er som vanleg ute i siste liten eg....☺
Hadde bere denne kjedelege forkjølelsen sleppe taket slik at eg orka å komme meg ut av huset!
Diverse småting som bør ordnast til søndag!

Nyt dagen alle sammen☺
Her er det ordentleg vintervær.

Klem

søndag 21. november 2010

Ta naturen inn

Naturmateriell i interiøret er ei stor trend i år.
Kongla, mose og horn er in!

Eg var innom bruktbutikken igår og fann dette hornet til heile 5 kroner!!!
☺☺☺
På Bohus kostar eit slikt horn 599 kr!!


Har lagt det på spisebordet ilag med bongbongane eg laga med Jenny forrige lørdag og messingslys frå bruktbutikken som er spraya kvite.


Ei ny skei vart også funnen til den nyoppstarta samlinga mi, den til høgre. 
Har egentleg aldri tenkt på gamle skeier som nåke eg kunne dekorert med, men no syns eg det er ganske fint☺
Og det pga inspirasjon frå blogglandia☺


Ei samling av gamle ting på skjenken min.


Her i huset er vi blitt sjuke :(
Elias har vore forkjøla sia lørdag og idag har han feber..stakkars lille klumpen min.
Anine er snufsen men i god form.
Eg er sår i halsen, snufsen og småslapp.
Får håpe min kjære held seg i form so han kan pleie den sjuke gjengen sin!

Håper alle har ein fin og roleg søndag☺
Ski på tv-me like☺

Klem

lørdag 20. november 2010

Kveldsstemning♥


Med desse bilda av prinsessa si sjøllagde lykt på SFO
 vil eg ynskje alle
God helg

Klem

fredag 19. november 2010

Julegåve-ynskje-liste☺


Jepp....eg syns fortsatt det er koseleg med pakkar☺
Blir ein for voksen til å syns nåke anna???

Greengate koppar-og skeier- i ulike mønster får eg visst aldri nok av☺
...alt av Greengate er forresten hjerteleg velkomment under juletreet☺
(HeidisBo)


Greengate pai form.
Greengate ildfaste former.


Greengate sukkerstrø.


Rosendal ildfaste former.

Årstid bordlampe frå Ikea.


Malesprøyte.


Bruka skåler og eggeglass.


Rosendal vin og øl glass.


Gulliver bordlampe frå Ikea.


Etasjefat med djupe skåler.
(Skeidar)


Kjøkkenklutar og kjøkkenhandkle.
(Ting)


Soda stream maskin
so kan vi slutte å drikke brus og heller lage vatn med kullsyre og smak☺


Lysglass frå TineK-ulike farga
(kan kjøpast hos H&C og i Førde hos HeidisBo)


Ull kle



Skibukse
og gjerne jakke og☺





Oppdatterast etterkvart☺