tirsdag 31. august 2010

Duk- og sengetøy oppbevaring

Ååååå denne lille midt gangen er så vanskeleg å ta bilde av!!
Det ser bedre ut i verkelegheita also...☺

Då vi flytta inn her i fjor sommar var denne midt gangen som ligg i enden av gangen og mellom gjesterom og vaskerom trekvit frå topp til tå!
No er alt kvitt☺☺
Har igjen tak og gulv lister, male dørene og lampe i taket.

Har heile tida tenkt at denne gangen er perfekt til oppbevaringsrom...
På dette bildet er det eit lite garderobeskåp med ytterkleda våre som står i midt gangen...
Det har vi no sett ut i entreen.....(midlertidig)


...og fiiiiine Pax garderobeskåp med Birkeland dører frå Ikea er sett inn.


Skapet blir brukt til å oppbevare dukar, dyner, puter og sengetøy-me like☺


Så godt med litt system☺
Dukane er sortert etter ka dei blir brukt til; juledukar, sommardukar, haustdukar osv.
Øverst har eg tenkt å henge store finare dukar.
Manglar litt hyller eller trådkurvar i skapet til høgre, men visste ikkje heilt ka som vart best.
Er jo greitt med trådkurvar slik at eg kan dra dei ut å lett finne det eg skal ha, men i hyller syns eg kanskje at eg får plass til meir...
Må tenke litt på det☺
Er vertfall heilt supert å ha slike ting på ein plass, og frigjere plass i skjenk og kleskap til andre ting☺

 Her hos meg regnar det på årets siste sommardag. 
Men ifølge værmeldinga skulle det bli fint vær med temperaturar opp mot 20 grader framover-me like☺
Varmt om dagen-kaldt om natta
Er vel på tide finne fram litt varmare klede, og fyre i ovnen.

Forresten!!
Bur du i Hundvåg??
Kom over denne sofaen på Finn
Tenk kor fin den kan bli om den blir trekt om???!!!!
Og gratis!!!
Kupp!

Nyt årets siste sommardag

Klem

mandag 30. august 2010

Familiehelg♥

Ei innholdsrik helg har det vore☺
Prinsessa var på "ridekurs" på lørdag.
Dvs det var ein 1,5 timers dag der dei som lurer på om ridekurs er noko for dei får lov å strigle hest og ri lite grann.
Prinsessa var litt skeptisk, men storkosa seg!☺
Her er på ridetur med skjønne lille Jenny☺
Og ho vil gjerne fortsette å ri, men vi har funne ut ilag at ho skal vente eit år, til ho blir litt mindre skeptisk, og heller vere med på kor dette året☺





På søndag var det Åpen Gård på Mo jordbruksskule.
Der fekk vi sjå forskjellige dyr, ri på hest, køyre med hest og vogn, hoppe i høyet, kjøpe grillmat og sjå på hesteshow.
Ein koseleg familiedag








Måtte bere ta med dette bildet av ei nydeleg dør på eit av dei gamle husa ved jordbruksskulen.




Likar so godt slike helgar som ein kan sjå tilbake på og tenke at ein har opplevd mykje☺
Håpe du har hatt ei fin helg og er klar for ei ny veke☺


Trivst din 1 klassing på skulen?
Prinsessa er begynt å sei at ho ikkje lika seg på skule og sfo :(
Men leika fint når eg henta ho og har det bra ellers.
Ikkje kjekt å høyre for eit mamma hjerte :(
Ho er ei veldig roleg stille jente og både skule og sfo er jo eit ganske hektisk plass-i forhold til barnehagen der ho trivdest supergodt.
Heldigvis er ho smilande og blid og kjem lett i kontakt med andre so det går seg vel til etterkvart.
Ifølge pappaen hadde det gått bra idag, både i følge dei på sfo og prinsessa sjøl.
Som sagt; det går seg vel til!


Klem 

Giveaway-inspirasjon

3 ting som inspirerar meg
godt humør
familien min
blogglandia


Maias lille verden har ein give away på gang!
Ein del av give awayen er å lage eit lite innlegg med 3 ting som inspirera deg. 
Hiv deg med!!


lørdag 28. august 2010

Tett trapp♥

ENDELEG!!!!
Min snille snille bror var her idag og tetta igjen trappa vår!

Her er trappa for nokre timar sidan....


Og her er trappa no...


Vi har brukt hobbyplater til å tette igjen med.
Ein billeg og enkel måte (vertfall enkelt for broren☺) og få tett trapp på.
Merkar at den knirka litt meir no men det betyr ingenting so lenge trappa er tett og kvit..☺

Eg er strålande fornøgd
☺☺☺


Stille og roleg lørdagskveld hos oss.
Prinsessa er oppe so lenge ho vil (akkurat no leikar ho kveps...☺), prinsen søv, min kjære les aviser og eg bloggar

Håpe DU har ein fin kveld

Klem 

onsdag 25. august 2010

Trappetepper

Hadde egentleg bestemt meg for å ikkje ha teppe i trappa, 
men då eg såg at den nymalte trappa vår fekk litt riper av trakking opp og ned fann eg ut at tepper it will be!!
Desse her bestilte eg for ei god stund sia frå Ellos.
Har laga eit innlegg om trappa før/etter maling, det kan du sjå her . 
Planen er å tette trappa igjen.
Plater er kjøpt, og på lørdag-trur eg☺-kjem min snille snekker bror og hjelper meg☺


Syns egentleg at slike tepper sjelden er fine,
men dette teppet her er eg veldig fornøgd med☺


Vi har hatt kjempekoseleg besøk av min kjære sin kompis med kjæreste i helga☺
Dei reiste idag tidleg, heim til Danmark.
Har kosa oss med god mat, MASSE snop☺, samtalar og seine kveldar med kortspel☺

Vi er godt igang med kvardagen etter ferien; min kjære har si 2 jobbveke og prinsessa trivst på skulen☺
Og hausten er komt; det regnar og er skikkeleg grått ute.
Innbyr til levande lys, pledd og ein kopp te om kvelden♥

Ynskje alle ein fin onsdag

Klem

tirsdag 24. august 2010

Eg er blenda...

....av min nye blender
frå
Kitchen Aid


Fin eller???
☺☺☺


Fekk den i går so har ikkje fått prøvd den enno, men det glede eg meg til☺
Smoothies, supper og barnemat er nåke av det eg gleda meg til å lage☺

Lite innlegg frå meg i det siste, vi har koseleg besøk frå Danmark og nyter siste rest av sommaren.

Håpe alle har hatt ei fin helg og er i gang med ei flott veke☺

torsdag 19. august 2010

Endeleg eit flueskap på mitt kjøkken☺

Lenge har eg beundra desse skapa rundt om hos andre bloggarar.
Og mange gangar har eg lagt eit slikt skap i handlevogna i diverse nettbutikkar. 
Og mange gangar har eg ikkje sendt bestillinga for eg har syntest skapet har vore litt for dyrt og eg har tenkt at det ville ta for stor plass på mitt lille kjøkken. Ikkje at det vere på kjøkkenet men det var der eg ville ha det....☺-Foreløbig vertfall, hihi
Men til slutt klarte eg ikkje la vere sende bestillinga og no står skapet på kjøkkenet mitt.
Og eg angra ikkje i heile tatt!!
Skapet er nydeleg


Skapet er bestilt hos Lobelia.
Bestilte også desse supersøte muffinsformene, blå, kvit og rosa-2 i kvar farge☺
GG koppane og jumbo koppane har fått plass i nederste hylla.


Må bere vise denne fine sukkerdispenseren som eg kjøpte på bruktbutikken til 10 kr♥
Den har fått plass oppå skapet ilag med te krukkene mine.

 

Eggekurven, eit eplekake oppskrifts skilt frå Kremmerhuset, GG serviettar og ein spagettimåler frå Hos oss 2 i Bodø står også oppå skåpet.


Fint, syns eg.☺
..bildet er tatt før eg hengte opp sjalet i vinduet-om du vil sjå det, klikk her 


Skulle vist eit bilde frå utsikta ut vinduet mitt akkurat no; blå blå himmel so langt auget kan sjå
Meg og Elias held oss mest muleg inne, med verandadøra open, for vil ikkje ha han so mykje ute i denne varmen. 
So brunfargen som eg helst skulle hatt litt av er fraværande☺,
men det er herleg å endeleg ha litt sommar♥

Vi får besøk i helga so skal få brukt dagen til å rydde og vaske litt☺

Håpe du har ein fin dag med blå himmel so langt auget ditt kan sjå☺

Klem