søndag 28. juni 2009

Bokstavar og ny leilegheit :o)

her er bokstavane eg kjøpte av Ida. var superfornøgd med dei. gledar meg til å bruke dei som pynt i nye leilegheita.

desse her lagar navnet til prinsessa mi, dei skal ho få ha på rommet sitt.

desse bokstavane talar vel for seg :) dei skal stå på ei hylle over senga på rommet til meg og min kjære. her er forbokstaven til navnet til min kjære, den vil han ha på kontoret sitt. idag er ein merkedag i vårt liv. vi fekk nøklane til leilegheita vår. den første leilegheita vi kjøper ilag. gledar oss stort til å komme i hus. frå no av kjem vi nok til å tilbringe dagar og kveldar med maling der, samtidig som vi skal pakke ned frå her vi bur no. er i gang, men fortsatt mykje igjen...merkeleg kor mykje ting ein egentleg har :) har mala første strøket i leilegheita og. rommet til prinsessa er begynt å bli kvitt.


ein del ting ser vi at burde blitt gjordt, som å skifte gulv f.eks, men dette må nok vente. skal vere ute 17 juli so treng tida til maling og flytting.


her er meg som låser meg inn for første gang :) kjedleg å bruke det fantastiske sommarværet på å stå inne å male, men det må gjerast og det vert jo so bra når vi er ferdige :o)


eg har også fått ein award :) denne fekk eg av M, som alltid er så koseleg å sender slike kjekke kommentarar. tusen takk :) sender den vidare til dei som ikkje har fått den :) det er ein Great attitude and gratitude award!


håper alle har det strålande, og at sommarværet er like bra hos deg som hos meg :)

klem :O)

mandag 22. juni 2009

Smådill

forrige helg var vi på Jessheim. var innom confetti og linneas hage. og litt forskjellig smådill vart med heimatt i posane :)
her kjem eit bilde ras med ting eg kjøpte.
denne lille flaska var kjempesøt. faktisk var det min kjære som fallt for den først. og då er var det bere å hive seg rundt :)
kjøpte ganske mange hjerter, faktisk so mange at ho i butikken sa: åja det er fleire som er glad i hjerter :) desse gamle nøklane var kjempetøffe!! såg dei på vei ut frå confetti men kjøpte dei ikkje med eingang. men klarte ikkje la vere å tenke på dei so tok turen inn att på slutten av handleturen. du kjem igjen ja, sa dama i butikken :) to kjempesøte green gate skeier frå linneas hage. ein del av stæsjet eg kjøpte var lagt oppi ei korg.min kjære sine initialar. dilla på bokstavar?? JEPP :) ventar faktisk på ein del bokstavar frå ei superflink svensk bloggjente :) det var min kjære som ville ha desse og :)
to hjerter til....
dette var ein del av det eg kjøpte på interiør runda mi :)
ikkje so mykje å blogge om for tida. vi går bere ventar på at søndagen skal komme. det er dagen for overtaking av leilegheita vår :) og då set vi i gang med maling av tak og veggar og pakking og nedvasking av leilegheita vi bur i no.
gledar oss stort til å bli ferdig å komme i hus. skal bli so deileg å få vårt eige, og pusle på nett som eg vil :)
so regnar det vert fleire blogginnlegg etter kvart. med diverse før og etter bilder :) har eg sagt at eg gledar meg??? :)
håpe alle har ein strålande kveld :)

fredag 19. juni 2009

Award og pakke i posten

eg har fått min andre award :) denne fekk eg av heidi , tusen takk :) :)

denne awarden ønsker deg a wonderful day. eg skal sende den vidare til 8 andre bloggar...og eg velger desse bloggane her:



GUNN CATHRINE

ANNA LISA

MOA

ANETTE

BEA-CICI

M

FRK-T

MAJA



dette er personar som har kjempefine og inspirerande bloggar i tilleg til å vere kjempekoselege jenter :)
håpar de får ein wonderful day :)



eg fekk og-ingen bombe kanskje-pakke i posten idag :)
vann ein konkurranse hos Christina som driv låvebutikken for litt sidan. og idag kom den fine pakken :)
eit nydeleg skilt, eit vakkert kors, kjempefint bilde og deileg duft frå green gate (eg trur det er duft vertfall?? luktar vertfall kjempegodt...) tusen takk, gåva fallt verkeleg i smak :o) helg igjen :) og eg har FRI :) imåra skal eg og ei venninne på opninga av kunstgrasbana til laget der våre kjære spelar, min kjære er spelande trenar. konkurransar og mat på dagen, kamp mellom deiras lag og eit anna på ettermiddagen og fest og grilling om kvelden. vert kjekt!!



håpe alle får ei strålande helg :) været er meldt bra her på vestlandet vertfall. kanskje sommaren kjem no :)


onsdag 17. juni 2009

Salg på KID

eg har endeleg fått tak i ei av korgene frå KID. hadde alliert meg med ei eg kjenner som jobbar der :) er kjekt med gode kontaktar :) ho la av ei slik til meg då det kom inn i forgårs, og bra var det for då eg kom ned etter jobb dagen etter var dei utsolgt.

syns den passa so fint til interiørblada mine....men er ikkje lenge før den vert for liten. men då kjøper eg bere ei ny, det er vel sånn det fungerar?? :) det er og salg på KID no. korga over var det 30% på og det er 50% på pynteputer og pledd. og puter er jo alltid kjekt og ha :) kjøpte med denne grønne puta her.... ...og desse to her. den fremste har samme mønster som den grønne bere at den er i ein lys rosa farge. den bakerste var ganske knæsj rosa. sommarsleg syns no eg.

det finnes og gardiner i samme mønster og stoff som dei knall rosa putene. men då er det ikkje einsfarga stoff bak, dei er hullete...ser hekla ut. kunne tenkt meg dei i kvitt, klarar ikkje bestemme meg, men dei var kjempefine. kjenner eg meg sjølv rett tenker eg so lenge at når eg endeleg har bestemt meg for å kjøpe dei er dei utsolgt.

utruleg korleis nye puter kan friske opp. og når dei er på salg i tillegg....hadde du klart å motstå det?? :)
ønska meg veldig ei slik dagseng som eg kan ha på terrassen. ser for meg at med mange sommarslege puter vert det ein suksess.

denne varianten frå Ikea er heilt grei, men kunne tenkt meg at den såg litt meir romantisk ut. nokon som veit kor eg kan kjøpe det hen??
idag er det nøyaktig 1 mnd til vi leverer frå oss nøkkelen til her vi bur no og er flytta inn i nye leilegheita. gledar meg :) men gruar meg litt til all male jobben, litt bekymra for at vi ikkje skal bli ferdig på 14 dagar. har mest lyst å bli ferdig med alt for å ta det igjen seinare er eit tiltak. men det går vel bra :) vi får ta det som ei utfordring og gjere det til ein leik :)
første eska med ting er pakka ikveld vertfall, so er igang. og her er mykje ting so vert nok ein del kassar.... sånn er det å vere interiør interesert :)

snart helg igjen. tida går jammen fort. eg ventar fortsatt på sommarværet. nokon som har sett det??

God kveld til alle :)


tirsdag 16. juni 2009

Min ubloggifiserte heim...

ser det går ei utfordring rundt om i blogglandia om å vise heimen sin ubloggifisert...noko motvilleg henger eg meg på denne bølga :)

bilda er frå mandag formiddag. vi kom heim frå helgetur til Jessheim/Oslo seint søndag kveld og då er det ikkje snakk om å rydde på plass.



desse bilda er frå ulike vinklar i stova.

nyt det....eller kanskje ikkje :)



hadde overnattingsbesøk av pappaen min i veka, han passa Anine mens vi var på Bruce Springsteen konsert...og her ligg fortsatt dyna og puta... :o/ til unnskyldning kom vi heim seiiiiiint om natta, var på jobb og morgonen og reiste østover rett etterpå.

litt shopping posar :) var på Linneas hage og Confetti på Jessheim, to superfine butikkar :)
uff....eg merkar at eg vert dizzzzy av slike rote bilder :o/ no ser eg hageprogram på tv. gledar meg til vi flyttar om ein mnd og eg får min eigen lille hageflekk :)

etterpå skal eg kose meg med ein kopp te og eit ny innkjøpt interiør blad :)
håpe alle har ein fin kveld :)

ser forresten at Nib har publisert tipset mitt idag :) artig :)

onsdag 10. juni 2009

Pakke i posten....igjen :) og give away!!

i dag er eg so trøytt som aldri før. var på ein fantastisk Bruce Springsteen konsert i Bergen i går og kom heim kl 0430 i natt, stod opp att kl 07 for å gå på tidlegvakt...forsov meg faktisk med ein halv time :o/
har gjespa og svidd i augene i heile dag, ikkje noko særleg gå rundt pasientar i ein slik zoombie tilstand.
eit lyspunkt var å komme heim til ein pakke som låg og venta på meg :)
var med på Frk.T sin giveaway, og idag kom pakken....
alt dette fine her fekk eg: serviett korg, ei supersøt skål med noko oppi, lexington serviettringar i skinn (megakule!!), ei deileg duftande såpe pakka inn i det rosa papiret med stjerne på bakerst i korga og eit skjønt kort.
ka er dette skal tru tenkte eg..... ....og NAM tenkte eg etterpå og smilte frå øyre til øyre :) I LOVE GODIS :) spesielt lekkert at det var ROSA <3
her er dei utruleg tøffe serviettringane!!! fekk seks stykker og alle hadde ulikt motiv. og såpa var bere gooood å lukte på :)
tusen takk Frk T....super gåve :o) gjorde dagen min 1000 gangar betre :o)
til og med bobleplasten slo an :) den tok min lille datter umiddelbart til seg for å sprekke boblene :)
LIKAR DU Å FÅ OG GI GÅVER??? LEGG ISÅFALL IGJEN EIN KOMMENTAR HER OG SKRIV OM DU VIL VERE MED PÅ EIN GIVE AWAY... regelen er at du får ein gåve av meg og lagar ditt eige give away innlegg der du skal sende pakke til dei 3 første som vil vere med innan 365 dagar :)
og det stoppar visst ikkje med pakkar i min postkasse.... eg har nemlig vunne jubileumsinnlegget hos Christina . snakk om vinnarlykke :) :) :)
i dag kom vakre hjem & interiør i posten. skal sette meg ned når prinsessa er lagd og huset er rydda og drikke te frå jumbo koppen min og lese om interiør interiør og interiør :)
skal også pakke til helgeturen..vi skal besøke søstra til min kjære med familie. gledar oss til det :o) vert godt å komme vekk litt, få litt nye impulsar og samle krefter. har også planar om å besøke interiør butikkar.. tar i mot forslag til slike butikkar i oslo som er verdt å besøke.
eg har lovd mi lille prinsesse jordbær og vaniljesaus...og no er ho lei av å vente :)
håpe alle har det bra :o) eg ventar på å komme utav zoombie verden..... :)
KLEM :O)

mandag 8. juni 2009

Utfordring...tatt på strak arm :)

eg har blitt utfordra av Anette. ei litt tidkrevande, men veldig morsom utfordring. :) ein fin måte å bli kjendt på ein litt anna måte :)



Hva er du opptatt av for tiden? leilegheita vi skal overta 1 juli og sommarferien som forhåpentlegvis går til mummidalen.


♥ Hva har du på deg i dag? mørkeblå jeans-tights, kvit tunika, oransj magebelte og svart hårband.


♥ Hva skal du spise til middag? har ete salat med kvitløksbrød-alltid ein lett middag når min kjære skal spele kamp.

♥ Hva vil du gjerne lære deg? å spele piano, og hekle bestemorsruter.

♥ Hva hører du på akkurat nå? tegnefilm på tvn og lyden av oppvaskmaskina.

♥ Hvordan er ditt favorittvær? favoritt er nok sol og sommar, men det heiter jo at det fins ikkje dårleg vær, bere dårlege klær.

♥ Hva er ditt mest utfordrende mål akkurat nå? å komme i gang med trening igjen!!!

♥ Hva syns du om den personen som tagget deg? ei kjempekoseleg jente som viser fram dei finaste bilder og dei har dei koselegaste blogginnlegg. og som kjem med mange kjekke kommentarar :)

♥ Hvis du kunne fått et hus, ferdig innredet, hvor som helst i verden - hvor skulle det ha vært? kan godt bu rundomkring her ein plass her, men meir landleg og med vennane mine rundt meg.

♥ Hva ville du gjerne hatt akkurat nå? kjæresten min i sofaen med meg...

♥ Hva vil du gjerne bli kvitt? MS`n min....

♥ Hvis du kunne dratt hvor som helst i verden den neste timen, hvor ville du dratt? zanzibar!

♥ Hvilket språk vil du lære? fransk-eit nydeleg romantisk språk.


♥ Hva ser du etter i en venn? ærligheit, til å stole på, ein som alltid er der uansett om det er i sorg eller glede, morsom og med på å ha det kjekt :)


♥ Hvem vil du gjerne møte? jan thomas :D


♥ Hva slags musikk liker du? det meste faktisk, alt etter humør og selskap.


♥ Hva er favorittplagget i klesskapet ditt? tunikaer og jeans!


Hva er drømmejobben? må vere noko innan interiør...men trivst veldig i jobben som sjukepleiar og!

♥ Har du noen favorittmodeller? hmm....kjem ikkje på nåken...

♥ Hvis du hadde hatt 1000 kroner nå, hva ville du brukt det på? ærleg???? shopping!!! :)

♥ Beskriv stilen din? interiør: lyst og romantisk. klær: følger litt moten uten å kjøpe dyre merkeklær...akkurat no likar eg godt tunikaer og tights. og dei kule neonfargane som er in i sommar er jo rå!!

♥ Hva var det siste motebladet du leste? KK

♥ Den siste cd-en du kjøpte? eh...CD??? anakje!!!

♥ Hva hørte du på da du ble tagget? tv- vi på langedrag, og mi lille jente som kommenterte alle dyra :) og at ho rima om navnet til onkelen sin: kjell pell potetskrell hoppa over tusen fjell landa på ein karamell :) og lyden av oppvaskmaskina.

♥ Hva vil du akkurat nå? sjå på fotballkampen mellom min kjære sitt lag og eit anna...men kan ikkje då den begynner so seint og eg ikkje har barnevakt.

eg vil utfordre desse tre til å ta utfordringa:

Moa

Anna Lisa

Gunn-Cathrine

....viss de vil då :)

God kveld alle sammen :o)


The Boss

hit skal eg imåra........for å høyre og sjå på Bruce Springsteen :) ....og her var eg i fjor då lille Laura var ei heldig lita jente..
http://rockman.vgb.no/2008/07/09/lille-laura-synger-duet-med-the-boss-rockman/

gledar meg stort :)

er det fleire som skal til Bergen og Koengen imåra der ute i bloggverden???

:o)

søndag 7. juni 2009

Mmmmm....det dufter skjønt

....av kremmerhuset sin romduft. anbefalast!!begynner det å lukte mindre so snu pinnane. varer i to til tre mnd i følge dama i butikken. har endeleg fått med jumbo te-koppar. har sett på desse so lenge, men som vanleg har skal eg bere tenke litt til. men for nokre veker sidan var det salg på desse hos strandlykke og då var det slutt på tenkinga. supergode å drikke av, teen smaka plutseleg mykje betre :) og rosa åffkårs :) dette gjer vondt i eit morshjerte.... http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=554653
for ein grusom opplevelse det må vere.

no er det middag her i huset. min kjære diskar opp med marinerte kotelettar.

vi bloggast :)

torsdag 4. juni 2009

Før og etter frosk

denne frosken har eg hatt i boda i åresvis. var tenkt å male den i froskefargar, men det har ikkje blitt.
so eg tok sprayen fram her ein dag og spraya den........ kvit!!!
og vart veldig fornøgd med resultatet. syns den vart ganske kul! og etter froskens smil og dømme ser den ikkje so rent lite fornøgd ut den heller :)
på graset til venstre ser du spora etter sprayinga :) albinofroskar fins det vel ikkje so mange av??? eg har vertfall ikkje sett det før. :)
er plass til te lys inni den so gledar meg til å sitte ute sommarkvelden med levande lys.
froskar bringer jo lykke, glede og rikdom til huset. so har, i god feng shui stil, vendt den mot inngangsdøra.