torsdag 20. november 2008

ilt i halsen, slapp, blakk men i shoppehumør, rastlaus, nesten ferdig med julehandelen, komt halvveis i julekort-laginga, lest halve bok nr to av stieg larsson, totalt MS symptomfri og lyst tilbake på jobb!! det er statusen idag. so både bra og litt mindre bra ting. men kan ikkje klage!!

ommøblerte rommet til anine i går, det er blitt so fint :) bortsett frå den grøne fargen på veggen..men den får eg ikkje gjordt nåke med.

ser på oppussningsprogram på tv...får lyst på nåke eige som eg kan dekorere som eg vil med fargar og møblar.

jaja....sånn går no dagan. :)

cheerio!!

lørdag 8. november 2008

lenge sia eg har skrive blogg no. har ikkje heilt fått det til. har ikkje heilt visst ka eg skulle skrive. men no prøver eg...

eg har fått MS. EG har fått MS. koffor? ka ha eg gjordt gale? koffor ha eg fortjent det? koffor ska MITT liv bli øydelagt av ein alvorleg diagnose? 1000 spørsmål, men ingen kan besvarast. "det er det som er det verste, å ikkje vite ka som skjer i framtida", seier nevrologen min. jo takk, eg ha skjønt det!! livet mitt fallt plutseleg i grus. alt sannsynlegvis pga eit magevirus som utløyste symptoma. akkurat no ser eg mørkt på framtida. og føler for å gjere alt no for kven veit korleis det vert om 3 mnd, 6 mnd, 1 år, 10 år osv.... og i mitt hovud tenker eg det verste. men eg tek til meg at nevrologen seie at det er ekstremt sjelden at MS pasienta vert so sjuke som det eg ser for meg, eg tek til meg alle som lever bra med sjukdommen, eg gleda meg over at 2 av symptoma er vekke og at eg kanskje snart kan begynne å jobb att. om ei stund klare eg kanskje sjå positivt på framtida, men ikkje akkurat no..
eg er evig takknemmeleg for at johan er her, hadde aldri klart det uten han. sjøl om eg føler at eg har "øydelagt" han sitt liv og. men heldivis, mens eg les og tenker alt det negative, les og tenker han positivt og er fokusert på det som er bra. han er verdens beste til å trøste.
i tilleg til han held anine, venna, familie og kollegaer meg oppe!!!

nok tragisk no....

var i ein kjempekoseleg dåp i bodø 19 oktober. ariel adeleine sin. verdens søtaste tantebarn-off course :) ho sov seg stort sett gjennom heile dagen :) gleda meg til å sjå ho igjen. det er så fint å sjå kor opptatt anine er av sitt nye søskenbarn, ho vil holde ho heile tida og prata masse om ho.

21 oktober, på anine sin 4 års dag, henta vi bilen vår. endeleg. kan vi komme oss ut når vi måtte ynskje det, alt er mykje enklare no. johan har døpt ho borghild charlotte. han har eit veldig søtt følelsesmessig forhold til bilen. :)

det er ikkje lenge til jul. eg har kjøpt eindel julegåver, har egentle gjordt det gjennom heile året. har kjøpt julekrans til ytterdøra. har begynt å lage julekort-godt å ha nåke gjere på når eg er sjukmeld.

det er begynt bli mørkt her inne, på tide ta på litt lys. eg er åleine heile helga. johan er i oslo. han for igår og kjem att mandag. ska på konsert søndag-ulf lundel, og bur hos ein kompis i helga. det er bra, eg unner han å komme seg vekk litt. mandag reiser vi ilag til bergen, det skal bli godt å få litt miljøskifte. eg gledar meg.

vi snakkas folkens!! lev livet lykkeleg.

nb: eg er sjukmeld og har plenty av tid til å finne på ting....hinthint :)